I morgon blir framtdia til Odda Smelteverk avgjort. Styret for verksemda skal samlast, truleg for å vedta at 150 av dei 200 tilsette må slutte ved verket.
Miljøvenleg
Leiinga ved verket treng 100 millionar kroner for å byggje ein ny og meir miljøretta fabrikk i Odda. Regjeringa kan ikkje gje noko klart svar om statlege midlar til styret i morgon. Kommunalminister Erna Solberg ber styret ha is i magen.
Ikkje presse
- Regjeringa treng meir tid til å vurdere planane. Det er ikkje slik at styret for Odda Smelteverk kan presse fram ein ny politikk utan at me har vurdert alle sidene fyrst, seier kommunalministeren.
Nei til omstilling
Kommunaldepartementet vil heller ikkje forlenge omstillingsperioden for Odda utover 2003. Kommunen ynskjer å forlenge omstillingsperioden fordi Odda er i ein spesiell situasjon. Kommunalministeren har signalisert at Odda i beste fall kan få andre statlege virkemiddel. Det er det Hardanger Folkeblad som skriv i dag.
140 arbeidsplassar
Hardanger Vekst som driv omstillingsarbeidet, har på fire år brukt 38 millionar kroner, og meiner at arbeidet har gitt hundre og førti nye arbeidsplassar.