Hopp til innhold

Ingen lovbrot på revefarmane

Ingen av dei politimelde revefarmane i Gloppen har gjort lovbrot.

I januar melde dyrebeskyttelsen og NOAH ni pelsdyroppdrettarar til politiet, etter at dei hadde teke seg inn i fleire pelsdyrgardar og fotografert.

Leiar i NOAH, Siri Martinsen, seier til avisa Firda Tidend at ho mistenkjer politiet for å ha vore så seine på synfaring at oppdrettarane fekk tid til å rydde opp.