Hopp til innhold

Han sakna forkjemparane for gruvedrift

Arbeidarpartiet er splitta i synet på gruvedrift i Engebøfjellet med tilhøyrande fjorddeponi i Førdefjorden. Men på folkemøtet måndag kveld var det berre motstandarar mot planane som nytta høvet til å argumentere for sitt syn.

Terje Gjertsen

FORUNDRA: Terje Gjertsen synest det er rart at forkjemparane ikkje stilte opp.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Sogn og Fjordane Arbeidarparti er positiv til prosjektet, men lokallaget i Førde er imot.

Fylkesleiar Hilmar Høl er klar i sin tale: Fylkeslaget ynskjer gruvedrift i Engebøfjellet med tilhøyrande fjorddeponi i Førdefjorden. I 2011 var Arbeidarpartiet, både i Askvoll og i Naustdal, med på å seie ja til dei omstridde gruveplanane.

Hilmar Høl

RESPEKTERER FØRDE AP: Fylkesleiar Hilmar Høl i Ap.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Vi har i tre årsmøteresolusjonar sagt at vi er positive til Engebø-planane, men føresetnaden for oss er at det er eit godt miljøprosjekt, og at det er berekraftig. I utgangspunktet er vi for at Engebø skal kunne utviklast.

I Førde Arbeidarparti er derimot haldninga ei anna, noko fylkesleiaren respekterer.

– Dei køyrer ein prosess som dei har vore ærlege på heile vegen, og det må dei få lov til. I og med at det og er ein lokal valkamp så skal vi respektere standpunktet deira.

– Ulikt standpunkt ein styrke

Måndag kveld inviterte lokallaget til konferanse med paneldebatt. Det var ikkje nokon som fronta ja til fjorddeponi frå talerstolen, trass i at det finst mange av dei i partiet.

Ordførarkandidat Terje Gjertsen meiner det er viktig å syne fram den lokale motstanden mot prosjektet. Gjertsen meiner det er uproblematisk at fylkeslaget og lokallaget ikkje har same synet i saka.

– Eg meiner tvertimot at det er ein styrke, for vi skal ikkje nødvendigvis legge oss flate for det Sogn og Fjordane Arbeidarparti seier. På fylkesårsmøta då saka var til behandling røysta vi imot fordi det var det vi hadde gått til val på. Det var det vi hadde lova veljarane våre.

Folkemøte om gruvedrift

GODT OPPMØTE: Mange interesserte hadde teke turen for å få informasjon om planane om gruvedrift og fjorddeponi.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Forkjemparane var fråverande

På konferansen vart det halde føredrag frå fleire sentrale aktørar som viste sin motstand mot gruvedrift med fjorddeponi. Blant dei var Havforskingsinstituttet, Norges Fiskarlag og Hovudorganisasjonen Virke.

I ein nær fullsett sal fekk tilhøyrarane høyre innlegg mot fjorddeponi. Forkjemparane for planane var fråverande. Terje Gjertsen er forundra over det.

– Dei seier dei har fått for kort tid. Men eg meiner at dei sentrale aktørane som har reist rundt her i fleire år og fortalt om gruveplanane kunne kome på lik linje med dei andre på kort varsel. Dei veit godt kva dei skal snakke om. Det hadde vore betre om vi hadde fått ein reell debatt.

– Mykje på spel for Naustdal

Ein av dei som hadde møtt opp på konferansen, var Øystein Helle, som har vore Arbeidarparti-politikar i Askvoll i ei årrekke. Han sat i kommunestyret då Askvoll sa ja til Nordic Mining sine planar.

Helle var ein av få som ytra eit positivt syn på Nordic Mining sine planar i Vevring.

– Eg har vore med i så mange diskusjonar at eg veit det er mykje som står på spel for Naustdal med deira ordførar frå Arbeidarpartiet. Han har andre vurderingar. Dette er noko vi må diskutere oss gjennom, så får vi leve med at konklusjonane blir litt ulike.

– Det grunnleggande er at vi vil ha både ein fjord som fungerer, men vi vil også ha eit næringsliv som gjer at folk kan bu her, seier Øystein Helle.