Hopp til innhold

Ingen fly mellom Flesland og Reykjavik

Vulkanutbrotet har stoppa to flyavgangar mellom Bergen og Reykjavik i dag. Avinor følgjer situasjonen frå time til time.

Flyplass

Direkteruta mellom Flesland og Reykjavik blir ramma av vulkanutbrotet (Arkivfoto).

Foto: NRK

Flyselskapet Icelandair si direkterute mellom Flesland og Reykjavik blir ramma av vulkanutbrotet på Island .

I dag skulle det ha gått eit fly kvar veg, men begge avgangane er avlyste fordi luftrommet over Island er stengt .

– Her går det ingen fly til og frå Island, seier lufthamnsjef Adelheid Nes på Flesland til NRK.

Ifølgje rutetabellane til Avinor går det eit fly kvar veg mellom Bergen og Reykjavik både mandag, tysdag, onsdag og søndag i komande veke.

– Vi ser for oss at luftrommet over Island er stengt i 24 timar framover. I så fall vil det ramma flygingane i morgon. Men vi følgjer situasjonen nøye, seier Nes.

Ho trur ikkje situasjonen vil utvikla seg til å bli slik som i fjor vår, då oskeskyer førte til fullstendig kollaps i flytrafikken.

Les og: Først vulkan, så flodbølge - vil ikke hjem | Oskeskya kan nå Noreg tysdag | Vulkanutbruddet rammer flytrafikken

Video Vulkanutbrudd på Island

Vulkanutbrudd på Island