Hopp til innhold

Her får ingen elevar i kommunen gå på skulen

Den einaste skulen i Eidfjord er stengd fordi ein tilsett er koronasmitta og 16 kollegaer er i karantene. Ei rekke andre norske skular og barnehagar er også råka av smitte.

Familien i Eidfjord spele kort

SPELAR KORT: Ole Johnny Odland og dottera må vere heime frå skulen i Eidfjord.

Foto: Tale Hauso / NRK

Eigentleg skulle både dotter Tiril og far Ole Johnny Odland vore på skulen i dag. På jobb og i 2. klasse.

Men første skuledag fekk ein tilsett på Lægreid skule symptom og testa seg for covid-19. Svaret som stadfesta koronasmitte kom tysdag. Dermed blir elevane utestengde.

I den vesle kommunen like vest for Hardangervidda er det berre éin grunnskule. Lægreid skule har om lag 100 elevar i 1.–10. klasse.

– Det er ekkelt om smitte spreier seg rundt om i Eidfjord, seier Odland.

Ingen elevar er nærkontakt

Kommuneoverlege Rita Høvset seier 16 av dei 28 tilsette ved skulen har vore i nærkontakt med den smitta. Dei 16 er no i karantene fram til og med måndag 24. august.

– Den smitta var ikkje på jobb denne veka, men jobba førre veke i samband med planleggingsdag. Vedkommande har ikkje hatt elevkontakt denne veka, seier ho.

Dei 16 nærkontaktane blir testa i dag og i morgon, men det er ikkje planar om å testa alle 28 tilsette.

Lægreid skule i Eidfjord

STENGT: Ein koronasmitta tilsett gjer at skulen for alle grunnskuleelevar i Eidfjord er stengt.

Foto: Tale Hauso / NRK

Samfunnskritiske yrke

Når over halvparten av dei tilsette er nærkontaktar og i karantene, og éin har fått påvist smitte, måtte skulen stenga.

– Då klarte vi ikkje å halda oppe noka form for undervisning i dag.

Tysdag klokka 11 er det avgjort at det ikkje blir undervisning før tidlegast neste tysdag.

– Så sant ikkje fleire får påvist smitte, håpar me å opna skulen att då. Men barn med foreldre i samfunnskritiske yrke får uansett høve til å vera på skulen også denne veka, seier Høvset.

Rita Høvset, kommuneoverlege Eidfjord

IKKJE ELEVKONTAKT: – Den smitta skuletilsette har ikkje vore i kontakt med elevar, seier kommuneoverlege Rita Høvset.

Foto: Privat

Fleire kommunar råka

Ho opplyser at også Voss og Ullensvang kommunar har vore involvert og har gjort sin del av smittesporinga, fordi den smitta har også vore der.

Dette smittetilfellet er det same som Voss herad rapporterte om tysdag, fordi personen bur i Voss, men jobbar på Lægreid skule.

Vedkommande har vore på ferie på Vestlandet, men smittekjelda er ikkje klarlagt.

Den smitta skuletilsette er det første covid-19-tilfellet med tilknyting til Eidfjord sidan epidemien kom til landet.

Lægreid skule stengt pga. koronasmitte
Foto: Tale Hauso / NRK

Kort skuledebut i Oslo og Trondheim

Heile første trinn ved Singsaker skole i Trondheim må i karantene etter at ein av foreldra til ein av dei 55 førsteklassingane har fått påvist koronasmitte.

– Det var ein føresett som testa positivt for covid-19 i går. Etter dialog med smittevernkontoret er no heile første trinn sett i midlertidig karantene medan vi ventar på prøvesvar, seier rektor Sten Frode Solvang.

Førsteklassingane rakk altså berre å gå på skulen i to dagar før dei måtte heim igjen.

Også ti tilsette er i karantene.

– Dette blei klart seint tysdag kveld, så eg har ikkje fått snakka direkte med elevane. Men eg kan berre tenke meg til at det var ein stor nedtur for ungane i første klasse, seier Solvang.

Også rektoren er i karantene. Det er framleis usikkert når førsteklassingane og rektoren får komme tilbake til skulen.

Singsaker skole

I KARANTENE: 55 førsteklassingar ved Singsaker skole må i karantene etter at ein av foreldra på trinnet har fått påvist koronasmitte.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

Oslo-skule stengt ut veka

Også ved Nordtvet skole i Oslo fekk førsteklassingane berre to skuledagar før dei måtte bli heime. Der held 1. trinn stengt ut veka etter at ein tilsett fekk påvist koronasmitte, skriv VG.

Skulen opplyser at det berre er vaksne som skal ha vore i nærkontakt med den tilsette. Desse er i karantene i ti dagar frå siste kontakt med den smitta.

– Med dei opplysningane me sit på no, tar me sikte på ordinær skule og AKS for 1. trinn frå og med måndag 24. august, skriv skulen.

Undervisninga for dei andre trinna går som normalt, og skulen understrekar at det er reingjort grundig.

Andre stengingar

  • I Oslo er også Munkerud skole stengt og opnar måndag. Ein tilsett var smitta, og 68 lærarar og administrasjonstilsette er i karantene fram til måndag. Ingen fleire er smitta, ifølge rektor.
  • Dessutan er skulestart utsett for 2. trinn ved Tonsenhagen skole fordi alle tilsette og to elevar er i karantene, og Maridalsveien barnehage er stengt.
  • I Eidsvoll er Læringsverkstedet Dal barnehage stengt fordi eit born er smitta.
  • Eit born i Gullhaug barnehage i Holmestrand er koronasmitta. To småbarnsavdelingar med 18 born og åtte tilsette er i karantene. Drifta går som normalt i dei andre avdelingane. Kommuneoverlegen jobbar med å spora smitta.
  • I Færder kommune er eit barn i Teiehøyden barnehage truleg smitta. 36 born og 9 vaksne er i karantene. Smittesporing held på og det vil blir tatt nye testar, opplyser kommunen.
  • Kommuneoverlegen i Vefsn har orientert Mosjøen vidaregåande skole om at ein elev ved studiestaden Marka har testa positivt og er sett i isolasjon. Men skuledagen går elles som normalt. Råka tilsette og elevar er sett i karantene og vil bli testa viss det skulle oppstå symptom innan ti dagar.
  • I Rogaland er ein avdeling i ein barnehage i Stavanger stengd til og med onsdag 19. august fordi ein tilsett har testa positivt. I Klepp er rundt 50 skuleelevar og fire tilsette i karantene fordi to barn ved skulen har fått påvist covid-19-smitte.