Ingen draumepåske trass rekord i Sogn

Dårleg vêr har ført til fleire dagar med veldig lite besøk hos mange av skisentera i fylket. Men nokre går likevel mot straumen.

Sogn skisenter

REKORD: Sogn skisenter på Hafslo kan juble over ei betre påske enn i fjor.

Foto: Runar Tørvi / Sogn skisenter

Medan store alpinanlegg som Kvitfjell og Hafjell melder om rekordpåske, med 15–20 prosent auke frå fjoråret, har det ikkje vore den beste påska for skisentera i Sogn og Fjordane.

Dei fleste skisenter NRK har vore i kontakt med seier at besøket for påska sett under eitt ikkje har vore meir enn heilt greitt.

«Medium-minus»

Driftsleiar Amund Tomasgard ved Hornindal skisenter seier innteninga ikkje vart slik dei hadde håpa, men er godt nøgd med påskeveka.

Even Hole, dagleg leiar Jølster skisenter

KREVJANDE: For Even Hole og Jølster skisenter har det ikkje vore ei spesielt god påske.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– Onsdag var det toppdag. Då var det 400 i anlegget vårt. Vi måtte stengje laurdag og søndag på grunn av vind, så det var ikkje så bra. Inntektene var ikkje slik vi ønskte, men eg synest det har gått i høve til vêret, seier Tomasgard.

Ved Jølster skisenter har dagleg leiar Even Hole, ei dårleg magekjensle i høve til rekneskapen for påska, og han meiner vêret har skulda.

– Det er vel ei medium-minus-påske. Vi hadde ein fantastisk dag onsdag, men elles har det vore veldig vekslande vêr, så det har vore krevjande for oss som skal prøve å skrape i hop pengar til å drive skisenter.

Hornindal skisenter

MÅTTE STENGE: Kraftig vind gjorde at Hornindal skisenter måtte stengje anlegget laurdag og søndag. Likevel har dei klart seg godt etter tilhøva. Arkivfoto.

Foto: Hornindal skisenter

Rekord i Luster

Men for Sogn skisenter på Hafslo har påska sett heilt annleis ut. Der jublar dei over ny påskerekord.

Runar Tørvi

LUKKELEG: Dagleg leiar Runar Tørvi ved Sogn skisenter.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi har ei auke på 17–18 prosent i høve til i fjor, som også var ei god påske, seier dagleg leiar Runar Tørvi.

Han fortel at det på dagane med dårleg vêr har vore smekkfullt i bakkane.

– Det er ein del her i Luster som gjerne reiser på Sognefjellet, men på dagar med dårleg vêr trekkjer dei heller til eit skisenter, så eg trur nok vi har trekt litt på det, seier Tørvi.

Hadde håpt på betre påske

Harpefossen skisenter registrerte totalt 3700 gjester i skiheisane i påska. I tillegg kjem alle som har brukt turløypene, gått fotturar eller besøkt kafeane. Totalt omsette skisenteret for kring 750.000 kroner.

Påska på Harpefossen

FULL FART: Sjølv om talet besøkjande ikkje vart heilt det Harpefossen skisenter hadde håpa på, hadde folk det kjekt i bakkane.

Foto: Siri Lund / Harpefossen

– Vi seier oss nøgde med besøkstal og omsetnad, sjølv om vi hadde større forventningar sidan påska kom så tidleg og snøforholda var svært gode, seier Jarle Åsebø ved skisenteret.

Driftsleiar Kåre Solheim ved Breimsbygda skisenter på Utvikfjellet, fortel om bra besøk dei første dagane i påska.

– Men så kom vi til laurdag, søndag og måndag. Då vart det dårleg på grunn av vêret. Vi vil ha mest mogleg folk, men det er vêret som avgjer.

Solheim oppsummerer påskebesøket som heilt greitt, og meiner dei skal klare å få det til å gå rundt økonomisk.

Mange i Sogndal

Cecilie Grendal ved Sogndal skisenter rapporterer om ein god påske for dei, trass dårleg vêr utenom onsdagen.

– Det har vore mange tilreisande, og vi har gått tom for skiutstyr til utleige. Det er ei ny oppleving for oss, seier Grendal.

Breimsbygda Skisenter på Utvikfjellet

DÅRLEG VÊR: Også Breimsbygda skisenter på Utvikfjellet fekk besøkssvikt på grunn av vêret. Arkivfoto.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK