Ingen datokøyring i Bergen i dag

Kommunen var i beredskapsmøte søndag kveld grunna farleg luft.

Tett trafikk over Danmarksplass

INGEN DATOKØYRING, MEN: Det kan det bli om luftforureininga held fram i Bergen utover veka.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Søndag 3. januar steig luftforureininga i Bergen sentrum drastisk. Klårt og kald vær kombinert med mykje fyring og biltrafikk gjorde at målingane for svevestøv av typen PM10 nærast gjekk i taket.

Målarane på nettsidene til Luftkvalitet.info synte raudt, og Bergen kommune bestemte seg for å samla seg til beredskapsmøte om situasjonen.

Ingen datokøyring

Etter møtet søndag kveld var det klart at det ikkje blir innført sokalla datokøyring i Bergen i dag. Datokøyring betyr at berre halvparten av alle bilar får lov å køyre, og ein fordeler oftast dette med nummeret på registreringsskiltet (om siste nummeret er eit oddetal eller eit partal).

Kommunen har vore i kontakt med Statens vegvesen som har sett i verk tiltak på vegbana for å redusere spreiing av svevestøv. Bergen og Omland Hamnevesen er oppfordra til å flytte skip frå indre hamn.

– Vegvesenet strør med magnesiumklorid. Det bind svevestøv, som det har vore mest av søndag, og skal ha god effekt på det, seier klimabyråd Julie Andersland (V) til Bergensavisen.

Dårleg luft i Bergen

På ein dag med dårleg og farleg luft ser det slik ut i Bergen sentrum.

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret / NRK

Meir dårleg luft

Det kan også bli meir dårleg luft i vente for bergensarane, viss ikkje tiltaka som no er sett inn minkar forureininga. Måndag er det meldt klarvêr og mellom to og fire minusgrader i Bergen.

Ifølge luftkvalitet.info er det i dag venta moderat luftforureining i Bergen i rushtrafikken klokka 08.00 og på ettermiddagen frå klokka 16.00.

Bergen kommune skriv på sine nettsider at dei følgjer situasjonen nøye og hentar værvarsel frå Meteorologisk institutt. Dei vil vurdera om det blir naudsynt å sette inn fleire tiltak i løpet av veka.

Kommunen oppfordrar innbyggjarane til å hjelpa til med å betre lufta ved å reise kollektivt og bruke andre varmekjelder enn vedfyring.