Hopp til innhold

Ingen fleire smitta på sjukeheim i Florø

Ingen av dei bebuarane eller dei tilsette ved Furuhaugane omsorgssenter i Florø har fått påvist koronasmitte, opplyser kommuneoverlege Jan Helge Dale.

Sjukeheimen furuhaugane i Florø

SMITTE: 46 bebuarar og 39 tilsette ved Furuhaugane omsorgssenter i Florø blir testa for covid-19 etter at ein sjukepleiarstudent testa positivt for viruset i Bergen.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

46 bebuarar og over 20 tilsette har no testa negativt.

– Dette er veldig bra, seier kommuneoverlegen til NRK litt før klokka 08 torsdag morgon.

Han reknar med å få svar på dei kring 20 siste prøvane i løpet av torsdag føremiddag.

Alarmen gjekk

Alarmen gjekk då ein sjukepleiarstudent som jobbar på Furuhaugane omsorgssenter i Florø testa positivt for korona.

– Det er ein veldig usikker situasjon, og den staden vi absolutt ikkje ynskjer smitte. Då er det klart at alle raude lamper lyser når vi får ein tilsett som testar positivt, sa kommuneoverlege Jan Helge Dale til NRK onsdag ettermiddag.

Jan Helge Dale

HAR TEKE GREP: Kommuneoverlege i Kinn kommune, Jan Helge Dale, har sett i verk tiltak for å hindre at smitten spreier seg til bebuarane ved omsorgssenteret.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Kommuneoverlegen i Kinn kalla inn til pressekonferanse etter at sjukepleiarstudenten testa positivt for koronaviruset. Kvinna er student ved Høgskulen på Vestlandet i Førde, og har siste fire vekene hatt praksis ved omsorgssenteret i Florø.

Det var Firdaposten som først omtalte saka.

Sjukeheimen er no stengd for besøk, og dei to avdelingane er isolerte. Pårørande er orienterte, og blir bedne om å ikkje føreta seg noko sjølv om dei har vore på besøk.

Alle dei 46 bebuarane vart testa i føremiddag. Også 39 tilsette er testa.

– Det er alle som har vore saman med henne dei siste tre dagane. Siste vakta var tidlegvakt fredag, seier Dale. Han håpar prøvane blir analysert allereie i dag.

– Det betyr at vi er tidleg ute med prøvetaking, og har moglegheit til å avgrense så godt som råd, seier han.

Lette symptom

Kommunen vart orienterte i 18-tida tysdag. Kvinna testa positivt heime i Bergen og får også oppfølging der. Dale rosar kvinna.

– Ho har gjort alt eksemplarisk og informerte oss i går kveld, slik at vi fekk sett i gang mølla, seier han.

– Symptoma har vore veldig lette. Litt rennande nase, ikkje feber, ikkje halssmerter og ikkje tung pust, seier kommuneoverlegen.

– Har studenten vore smitta på jobb?

– Det veit vi ikkje sidan det har vore så diffuse symptom, men det er det vi må vere redde for.

Ventar på prøvesvar

Leiar Grethe Apalseth seier at tilsette tok den positive koronaprøva med fatning.

– Nokre har ytterlegare uro fordi dei har ei grunnliding som gjer dei redde for korona, men samla sett er meldinga motteken med fatning, seier ho.

Apalseth seier uvissa er krevjande for både bebuarar, pårørande og tilsette.

– Det er nervepirrande så lenge ein ikkje veit om smitte er komen rundt til bebuarar. Vi har mange svake bebuarar som vi absolutt ikkje ynskjer skal vere smitta av korona, seier ho.

Smittespora 72 timar

Kommunen har smittespora 72 timar frå studenten si siste vakt. Ho har vore i direkte kontakt med bebuarar og i møte med andre tilsette ved omsorgssenteret.

Dale har likevel ingen grunn til å tru at andre er smitta.

– Verken bebuarar eller tilsette har symptom, seier han og legg til at prøvane allereie er sende til mikrobiologisk avdeling ved sjukehuset i Førde for analyse.

Andre omsorgssenteret

Sidan kommuneoverlegen vurderer at smittefaren ikkje er stor internt, er folk på jobb som vanleg.

– Vi har skjerpa dei basale hygienerutinar, og vi har sagt at no er ikkje tida for å gå i besøk og bursdagsbesøk på fritida, seier Dale.

Dette er det andre smitten på eit omsorgssenter i Florø. I starten av pandemien testa tre pleiarar positivt for korona. Då spreidde ikkje smitta seg til bebuarar.

Siste to døgn er over 100 personar testa for Covid-19 i Flora-delen av Kinn. Utan positive prøvar kjenner Dale seg trygg på at det ikkje er smitte i samfunnet.