Hopp til innhold

Ingen andre stader er dei flinkare til å parkere

SVELGEN (NRK): På denne parkeringsplassen i Sunnfjord er det berre ein som ikkje har rygga inn. No håper Trygg Trafikk at resten av landet kan gjere det samme.

Parkeringsplassen utanfor Elkem i Svelgen, Bremanger.

FINN EIN FEIL: Kan du finne den eine bilen som ikkje har parkert etter forskrifta ved Elkem-fabrikken i Svelgen? Fasit lenger ned i teksten.

Foto: Kurt Svarstad / Elkem

– Det er ikkje nokon som står med nasen feil veg lenger, for å seie det slik, ler Hilmar Høl (Ap).

Han er ordførar i Årdal, inst i Sognefjorden, der «rygg først»-kulturen vart innført som eit HMS-tiltak i 1988.

Ideen starta hos Hydro, som har ein stor fabrikk i Årdal. Sidan vart skikken eksportert til Høyanger og Svelgen – to industristadar i den same delen av landet.

Ein av «rygge-misjonærane» er Arne Werge-Olsen, som tidlegare jobba i Årdal, men i dag er verkssjef ved Elkem-fabrikken i Svelgen.

– Dei tilsette tok dette på strak arm. Det er berre når vi får besøk at det dukkar opp ein eller annan som parkerer feil veg, seier han.

Arne Werge-Olsen, direktør på Elkem sitt silisiumverk i Svelgen.

Arne Werge-Olsen seier det er blitt ein vane å rygge på plass når han parkerer.

Foto: Elkem

På eit tidspunkt byrja han å ryggje på plass i heimen også.

– Eg ryggar alltid når eg skal parkere. Det er ein positiv vane å ha, seier han.

Ordførar i kommunen, Anne Kristin Førde (Ap) har det på same måte:

– Å rygge er litt automatisert, seier ho.

Parkeringsplassen på Elkem i Bremanger. Raud ring rundt den eine bilen som er parkert feil veg.

BERRE PÅ BESØK: Bilen som sto feil veg var ein besøkande som ikkje var kjend med sikkerheitskulturen ved bedrifta.

Foto: Kurt Svarstad / Elkem

Midt i Sognefjorden ligg Høyanger, ein anna industristad der oppmodinga om å rygge har spreidd seg frå fabrikkportane til resten av lokalsamfunnet.

– Det er tryggare å rygge, seier ordførar Petter Sortland (Ap).

– Når du reiser att, har du jo «gjort jobben», og kan køyre ut med godt oversyn.

Trafikksikker kommune

– Både Årdal og Høyanger er godkjende som trafikksikre kommunar, seier seniorrådgivar i Trygg Trafikk Vestland Audun Heggestad.

I alt er det 112 kommunar i Noreg som har status som trafikksikker. Trygg Trafikk skriv på sine nettsider at godt trafikksikkerheitsarbeid gir kommunane «bra omdømme, trygt lokalmiljø, mindre skader og fornøgde innbyggjarar».

For å få status som «trafikksikker» er det fleire kriterium kommunane må oppfylle. Blant dei er praksisen med å ryggje inn på parkeringsplassar utanfor skular, barnehagar og kommunehus.

Audun Heggestad

BEST Å RYGGE: – Vi prøver å eliminere ein del ryggeulykker ved å seie at ein skal rygge inn, seier seniorrådgivar i Trygg Trafikk Vestland Audun Heggestad.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

– Eg trur det inspirerer andre kommunar, for vi har veldig mange som har lyst å bli godkjend som trafikksikker. På denne måten lagar vi gode haldningar om trafikksikkerheit, seier Heggestad.

Prisen for årets trafikksikkerhetskommune 2020 gjekk til Rollag kommune i Buskerud.

– Kommunen er eit godt forbilde og viser at målretta innsats over tid gir gode resultat, uttala samferdselsminister Knut Arild Hareide då han delte ut prisen.

Samferdselsminister Knut Arild Hareide delte ut prisen "Årets trafikksikkerhetskommune" til ordføreren i Rollag, Viel Jaren Heitmann fredag.

TRAFIKKSIKKER: – Rollag er eit godt forbilde og viser at målretta innsats over tid gir gode resultat, uttala samferdselsminister Knut Arild Hareide då han delte ut prisen for årets trafikksikkerhetskommune.

Foto: Samferdselsdepartementet

Korleis skal ein rygge trygt?

I 2019 var det 57.235 ryggeulykker i Noreg.

Per Lysholt driv Pers Trafikkskole i Førde, og seier at den mest vanlege feilen folk gjer når dei ryggar er at dei ikkje ser seg for.

– Det som er så viktig å gjere før ein skal rygge er å sjå om der er noko eller nokon i vegen, og bruke krypefart. For med ein gong du har det travelt med å rygge så blir det skummelt og ein kan lett bulke bilen din.

Sjølv om hovudregelen er å ryggje på plass, minner han om «det viktigaste er å tenkje seg om».

– Om du til dømes har ein barnevogn bak i bilen, er det ugunstig å rygge-parkere. Difor meiner eg at du må vise skjønn når du skal parkere.

Trafikklærar Per Lysholt

Trafikklærar Per Lysholt seier at det er viktig å ta seg god tida og sjå seg godt for før ein parkera.

Foto: Birgitte Vågnes Bakken / NRK