Hopp til innhold

Ingebrigtsen lovar eit meir offensivt Brann: – Me kjem til å bli vanskelege å ha med å gjera

Kåre Ingebrigtsen er nøgd med mottakinga han har fått som ny Brann-trenar. No vil han ha andre bollar i angrep.

Kåre Ingebrigtsen under si fyrste Brann-trening 13.08.2020

FYRSTE DAG: – Det er spennande å møta alle spelarane og dei andre i trenarteamet og elles i Brann, sa Kåre Ingebrigtsen etter sin fyrste arbeidsdag for heimelaget på Brann Stadion.

Foto: Eivind Senneset / Scanpix

– På søndag skal alt spelet gå på deira banehalvdel!

Den nye Brann-trenaren Kåre Ingebrigtsen hadde torsdag sin fyrste arbeidsdag på treningsfeltet i Bergen. Allereie på sundag er det kamp. Då skal Mjøndalen gjesta Brann Stadion.

– Den kampen ynskjer me styra og kontrollera. Me må få litt meir struktur, offensivitet og ynskja å skåra fleire mål.

Ingebrigtsen kom inn som Brann-trenar etter at Lars Arne Nilsen og klubben avslutta det femårige samarbeidet for to serierundar sidan. Nilsen fekk av mange kritikk for å ikkje spela god nok fotball i angrep.

Måndag leia assistenttrenar Robert Hauge Brann til bortekamp mot Molde. Dei blei dei fyrste til å slå romsdalingane på Aker Stadion i Eliteserien sidan august i 2018.

Ingebrigtsen vil byggja vidare på det han såg laget gjera i førre serierunde.

– Det var eit lag med stor L som spelte der. Dei stod verkeleg på for kvarandre og blødde for drakta.

Brann-trening 13.08.2020

BESTEMT: Kåre Ingebrigtsen vil at Brann skal spela eit system med bestemte trekk i angrep.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Ingebrigtsen har tidlegare gjort det klart kva som er hans ambisjon er å vinna trofé med Brann.

Vil flytta parkerte bussar

På sin fyrste dag på treningsfeltet som Brann-trenar, valde Ingebrigtsen å la spelarane øva på å angripa etablerte forsvar.

– Eg har ikkje studert måten Brann har gjort det på tidlegare. Eg har min eigen måte å gjera det på. Den begynte eg med i dag, og den skal me jobba mykje med framover.

– Allereie i dag såg eg gode bevegelsar og god timing i spelet. Me kjem til å bli vanskelege å ha med å gjera, seier Ingebrigtsen.

Har du dei spelarane du treng for å spela din fotball i Brann?

– Ja. Det er det ikkje tvil om. Me skal setja saman gode lag framover. Eg trur det blir mogelegheiter på bana for mange i år.

Etter torsdagens økt har den nye trenaren store delar av laget klart.

– Spelarane har også ei treningsøkt i morgon, så dei får visa seg fram då, seier Ingebrigtsen.

Kåre Ingebrigtsen og Daouda Bamba 13.08.2020.

NYE TAKTER: Kåre Ingebrigtsen saman med angrepsspelar Daouda Bamba på treningsfeltet.

Foto: Eivind Senneset / Scanpix

– Det er perfekt

Etter den lange økta med angrepsfotball var også fleire av spelarane nøgde med taktikken til Ingebrigtsen.

Midtbanespelar Fredrik Haugen er mellom dei som meiner den nye angrepsfilosofien er bra.

– Det er perfekt å ha innstillinga om at me berre skal spela på motstandaren sin banedel. Det er fullt mogeleg å køyra over Mjøndalen. Me må vera tolmodige og fossa framover i angrep.

Haugen har ikkje hatt si beste tid på bana det siste året, men trur godt om framtida.

– Eg kjenner på kroppen at eg er i gang. No gjeld det å få brukt min spisskompetanse i det nye systemet. Eg trur det kjem til å passa meg bra.

Også Petter Strand er nøgd med Kåre Ingebrigtsen sitt nye system. Tidlegare i sesongen har han spela mykje som back og ving, men på Ingebrigtsen si blokk står Strand oppført som indreløpar.

– Eg har alltid tenkt på meg sjølv som ein perfekt indreløpartype, så eg trur og håpar eg kan gjera det særs bra slik me skal spela no, seier Strand.

Fredrik Haugen møter pressa 13.08.2020

HAR TRUA: Fredrik Haugen trur han kjem til å passa godt i Kåre Ingebrigtsen sitt nye system.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK