– Eg sat og styrte traktoren med pappa før eg kunne gå, seier Ingebjørg Solli-Supphellen.
Ho har odel på ein gard i Fjærland og har alltid vore sikker på at det er bonde ho skal bli.
No vil ho vise korleis ein drifter ein gard i dag, for at fleire skal få ei forståing for kvardagen til bonden.
– Tidlegare var landbruket drive med mykje rå muskelkraft og lite hjelpemiddel. Med dagens teknologi og hjelpemiddel, som traktor og mjølkerobot, er landbruket blitt fysisk lettare, seier ho.



Få kvinnelege bønder
Den kvinnelege delen av gardsbrukarar har berre auka med tre prosentpoeng dei siste 20 åra, visar tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Det til trass for at odelslova vart endra i 1974.
Mannsdominansen aukar i takt med størrelsen på gardsbruka.
I fjor var 16,6 prosent av alle norske bønder, kvinner. I Europa som heilskap er andelen 28 prosent.
– Treng gode rollemodellar
Landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) har eit mål om «full likestilling i landbruket», som betyr minst 40 prosent kvinnelege bønder.
– Kvinner treng gode rettar som fødselspermisjon, ferie og avløysar. Dette har eg har prioritert i landbruksoppgjeret dei siste åra, seier ho.
Ho legg til at mykje arbeidsklede, utstyr og køyretøy i landbruket i dag er tilpassa menn.
TILPASSA MENN: Landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) seier at mykje arbeidsklede, utstyr og køyretøy i landbruket er tilpassa menn.
Foto: Vidar Ruud / NTBKjersti Hoff er leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Ho seier det enklaste tiltaket for å få fleire kvinner inn i næringa er å auke lønnsomheten «slik at det er mogeleg å vidareføre de små og mellomstore gardsbruka vi har», og å utvide velferdsordningane
– Desse er ei utfordring, som nok kvinner er flinkare til å vurdere enn menn.
Hilde Bjørkhaug har forska på likestilling i landbruket ved NTNU.
– Vedvarande merksemd og uttrykt ønske om å rekruttere fleire kvinner til landbruket er viktig, for eksempel gjennom å synleggjere rollemodellar. Her kan landbrukets organisasjonar og landbrukssamvirke ta eit enda større ansvar, seier ho.
– Må ta med jentene i traktoren
Leiar Anders Felde i Vestland bondelag tur mange bønder har eit tradisjonelt syn på at gutane passar best i landbruket.
Han meiner at ein må gå målretta inn for å vise spesielt unge kvinner at dei kan bli dyktige bønder.
– Eg må bli flinkare å behandla ungane mine likt, og ta med jentene i traktoren, seier han.
Landbruket vil endra seg mykje framover. Han meiner at kvinner er vel så godt budde som menn til å takle desse endringane.
– Mange av dei dyktigaste bøndene eg kjenner, er kvinner, seier Felde.
18-åringen er framleis ung, og vil ikkje ta over garden heilt enno.
Ho er likevel ikkje i tvil om at det vil gå fint når dagen kjem.
– Eg veit at om gutane klarer det, så klarar eg det, seier ho.
BONDELAGET: Leiaren i Vestland Bondelag, Anders Felde, seier dei har ein jobb å gjere med å fremja kvinner i landbruket.
Foto: Ola Weel Skram / NRK