Hopp til innhold

66-åringen held seg i form på ein ekstrem måte – det tek han land og strand rundt

Det er ikkje sigrane som motiverer når Inge Asbjørn Haugen (66) stiller på startstreken. Då hadde han slutta for lengst.

Inge Asbjørn Haugen

SOSIALT: Helse og opplevingar motiverer maratonkongen Inge Asbjørn Haugen. – Sofia Maraton er den likaste. Eg gjorde det andre vil kalle eit dritløp, men reisefølgjet var fantastisk og det skjedde mykje, seier han.

Foto: Privat

– Ein tidlegare leiar i Kondis hevda eg er ein betre saxofonist enn ein maratonløpar. Det har han nok rett i, humrar 66-åringen frå Hornindal.

17 ulike land

Inge Asbjørn Haugen

TRENAR: Medrekna trening og både kortare og lengre løp, har Inge Asbjørn Haugen (66) langt meir enn 25.000 kilometer i kroppen. – Eg trenar litt, men har ikkje karakter nok til å køyre intervall. Det blir ei god mil gampekøyring, og nokre rolege langkøyringar, ler han.

Foto: Øystein Torheim

For det har blitt ein del kilometer på asfalt etter at Inge Asbjørn Haugen la ut på sin første maraton i Drammens gater i oktober 1984. For å vere nøyaktig 24.937,245 kilometer. Han har sprunge i 17 land i fem av sju verdsdelar.

Før maratonkarusellen i Bergen i helga, stod førstekonsulenten i Skatteetaten med 591 maraton. Førre helg la han bak seg 42,195 kilometer i den bulgarske hovudstaden Sofia.

– Eg reknar med at nyttårsmaratonet i Ålesund blir nummer 595. Er eg frisk og rørig passerer eg 600 i løpet av våren, seier 66-åringen, som knapt nok har vore skadd.

Kan gløyme verdsrekorden

I Noreg kan ingen måle seg med den ein med rette kan kalle milslukaren frå Hornindal .

Verdsrekorden prøver han ikkje på. I sommar var det kring 163 plassar, og over 2.000 løp, opp til tyske Christian Hottas, som har flest løp i verda.

– Han har kring 2.800 maratonløp, så eg trur vi gløymer han. I tillegg har svenske og finske løparar 800900 løp, men eg leiar med 160 løp her i Noreg, seier Haugen som har 3.08.43 som personlege rekord frå Jølster Maraton.

– Den er frå 1998, og blir sjølvsagt ståande. Eg har ikkje vore under fire timar sidan 2017, men det er no skappeleg for ein 66-åring, held han fram.

NRKs friidrettskommentator Jann Post har latt seg imponere over stabiliteten til Haugen .

– Det er imponerande å springe så mange løp over så lang tid, så dette er nok meir enn et prosjekt, det er ein livsstil, sa Post før Oslo Maraton i fjor.

Ein siger på 592 løp

Maratonmannen Inge Asbjørn Haugen

LIDENSKAP: Musikk, kryssord og maraton er dei store lidenskapane for Inge Asbjørn Haugen. Her fotografert då han passerte 500 maraton for fire år sidan.

Foto: Roger Vik / NRK

Mange maratonløp, er ikkje einstydig med mange sigrar.

– 31. mai 2003 i Namsosløpene. Det var det løpet, og det skjer sikkert aldri igjen, seier Haugen.

– Det året sprang eg faktisk flest maratonløp, 29. I løpet av 12 helgar, hadde eg ti maraton og motbakkeløpet Skåla Opp. Då kom også første – og einaste – siger, held han fram.

– Kva motiverer?

– Helsa. Eg hadde ein stillesitjande jobb, og ville ta vonde ved rota i 1978. Det har eg aldri angra på. Eg har kanskje funne ein ekstrem måte å halde meg i form på, men alle må finne si form.

Fredsløp i Nairobi

Og så er det opplevingane, både i og utanfor maratonløypa. I Sofia stod han ringside då kenyanske Eliud Kipchoge sprengde draumegrensa på to timar.

Inge Asbjørn Haugen på Vasil Levski nasjonalstadion i Bulgaria.

SKANDALEKAMP: I Bulgaria førre helg var Inge Asbjørn Haugen ein av ni nordmenn på Sofia Maraton. Han fekk også med seg skandalekampen mellom Bulgaria og England i EM-kvalifiseringa i fotball.

Foto: Privat

Han såg skandalekampen mellom Bulgaria og England i EM-kvalifiseringa i fotball.

Og vart invitert til fredsløp i Nairobi neste år.

– Det vurderer eg. Einaste løpet eg har i Afrika, er Marakesh i 1991. Det blir litt meir meiningsfylt å springe eit løp som støttar opp om fredsprosessen i Kenya. Her har mange mista livet siste åra, seier han.

– Kostar det ikkje mykje pengar å reise så mykje?

– Det ligg i sakas natur at eg er ugift. Når ein har ein hobby, så må ein sjølvsagt bruke pengar på det. Sidan eg er singel, kan eg bestemme terminlista diktatorisk. Men eg reknar meg som normal likevel.

Og Haugen vil halde fram å samle kilometeorar så lenge kroppen held.

– Når det blir eit ork heile tida, då må eg gå over til dei andre hobbyane. Det er musikk og kryssord. Eg har tidsfordriv, avsluttar han.