Hopp til innhold

Inga oversikt over talet på tiggarar i Noreg

Politiet har ikkje oversikt over kor mange som tiggar her i landet. Fleire byar har registreringsplikt, men svært få melder seg.

Tigging i Bergen, dame sitter på gateplan i solskinn

KRAFTIG AUKE: Politiet seier det blir stadig fleire tiggarar i Bergen, men talet på dei som registrerer seg går likevel ned.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Det har vore ein kraftig nedgang i talet på dei som registrerer seg. Fram til no i år er det sju personar som har meldt seg. På same tidsrom i fjor hadde me 57, seier Olav Valland.

Han er stasjonssjef ved Bergen sentrum politistasjon. Dei opplever ein auke i talet på tiggarar som finn vegen til Bergen.

– Det er om lag 30–40 personar som tiggar i Bergen sentrum og nærliggande område i dag. For eit par år sidan hadde me ei relativ stabil gruppe på 10–15 personar.

– Me tener meir på å tigga og samla flasker her enn me hadde gjort på å jobba heime i Romania.

Tiggar i Bergen

Har ikkje ressursar til å følga opp

Bergen har registreringsplikt for tiggarar. Sjølv om politiet opplever at det blir fleire av dei, viser det ikkje igjen i kor mange som vel å registrera seg.

– Årsaka til dette kan vera at politiet ikkje har prioritert å oppsøka tiggarane for pålegga dei å registrera seg. Me må bruka tida vår på andre oppgåver, seier Valland.

Verken i Oslo eller Stavanger sentrum er det registreringsplikt, og politiet har inga eksakt oversikt over kor mange tiggarar som er i byen.

Olav Valland

Stasjonssjef ved Bergen sentrum politistasjon, Olav Valland, opplever at få ønsker å melde seg til politiet når de kjem til byen for å tigge.

Foto: Mari Stafsnes Osland / NRK

– Me er ikkje veldig plaga med dette i Stavanger. Me veit at tiggarar reiser gjennom og drar mot Bergen, seier seksjonsleiar Kristian Johannesen ved Stavanger politistasjon.

– Kan hindra at menneske vert utnytta

På Robin Hood-huset i Bergen treff NRK eit ektepar av romfolket som lever av å tigga. Dei ønsker å vera anonyme, men fortel kvifor dei ville komma til Bergen.

– Me tener meir på å tigga og å samla flasker her enn me hadde gjort på å jobba heime i Romania. Her kan me tena 300 kroner på ein dag.

– Det dei fleste seier til oss er at dei i hovudsak ønsker å finna ein jobb, sei Marcos Amano, dagleg leiar ved Robin Hood-huset i Bergen.

Han meiner det er viktig at politiet har ei viss oversikt for å kunna hindra at sårbare menneske vert utnytta.

– Dei bør ha oversikt over kven dei er, og kor lenge dei er her. Det handlar også om å etablera ein tillitsrelasjon mellom politiet og dei som bur i byen.

Fleire brukarar av Robin-Hood huset trur det er fleire tiggarar i byen enn det politiet anslår.

Marcos Amano

– BØR HA KONTROLL: Marcos Amanos er dagleg leiar ved Robin-Hood-huset i Bergen. Han synest det er synd at politiet ikkje har større oversikt over dei som kjem til Noreg for å tigga.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Få i Trondheim

I Trondheim er det også få som vel å registrera seg.
– Me har registreringsplikt, men den blir ikkje følgt opp, seier stasjonssjef Arve Nortvedt i Sør-Trøndelag politidistrikt.

Likevel er det ei relativt stor gruppe som tiggar i byen.

– Me har ikkje nøyaktige tal for augneblinken. Eg vil tru at det ligg på opp mot 75 personar på denne tida av året.