Dokument: Sjukehusa kan endrast

Det er inga semje i regjeringa om å oppretthalde føde- og aktuttilbodet i Eid og Lærdal, slik ulike media tidlegare har meldt.

Lærdal sjukehus

KAN FÅ ENDRA INNHALD? Lærdal sjukehus.

Foto: unknown / NRK

Dette går fram av eit dokument som NRK har fått tilgang til.

Godkjendt av alle tre partia

Dokumentet skal vere godkjendt av leiarane i Senterpartiet og SV og av Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, statsråd ved statsministeren sitt kontor.

Det var i forkant av den NRK1-sende TV-debatten om nedlegging av lokalsjukehus den 8. april i år, regjeringspartia greidde å samla seg om ei felles sjukehustekst.

Sogn og Fjordane spesielt

Sjukehussstrukturen i Sogn og Fjordane blir spesielt omtalt i dokumentet som NRK har fått tilgang til. Det går fram at det framleis skal vere sjukehus både i Eid og Lærdal, men står ingenting om at sjukehusa skal innehalde både fødetilbod og akuttberedskap. Dermed kan både Eid og Lærdal gjerast om til lokalmedisinske senter.

Nordfjord sjukehus

KAN FÅ ENDRA INNHALD? Nordfjord sjukehus på Nordfjordeid.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Statsministerens kontor

Dokumentet vart utforma og samordna på statsministeren sitt kontor og skal vere klarert av SV-leiar Kristin Halvorsen, Senterparti-leiar Liv Signe Navarsete og helseminister Anne-Grete Strøm-Eriksen frå Arbeidarpartiet . Også Trygve Slagsvold Veum frå Senterpartiet, som deltok i TV-debatten, skal ha vore med på uforminga av dokumentet.

Statsråd ved Statsministeren sitt kontor, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, som skal ha vore hjernen bak dokumentet, ønskjer ikkje å kommentere saka.