Inga (95) var stranda i Spania – no snur kommunen tvert: – Ei flau sak

Familien ville henta heim pleietrengande Inga Sindre (95), men reglane gjer at ho ikkje får søka sjukeheimsplass. No lovar kommunen å hjelpa.

Inga Sindre, Otto Paul Aasdal

STRANDA: Inga Sindre har budd i Spania sidan 1980-talet. Men etter at ektemannen gjekk bort og helsa byrja å skranta, har 95-åringen levd eit stadig meir isolert liv.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Då Inga Sindre reiste til Alfaz del Pi i Spania med ektemannen på 1980-tallet, var det for å ta vare på helsa og nyta pensjonstida i sola.

Etter å ha tent seg opp rettar gjennom eit langt arbeidsliv, var det ingen som forestilte seg kor krevjande det skulle den dagen ho ville returnera til heimlandet.

Som NRK fortalde like over nyttår, sit 95 år gamle Inga Sindre i dag på ein nederlandsk sjukeheim i Alfaz del Pi.

Inga Sindre

SKYGGESIDEN: Inga Sindre er i dag pasient på sykehjemmet "Anneke" i Alfaz del pi i Spania. 95-åringen bodde på Betaniens sykehjem da det ble nedlagt i oktober 2018.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Har forsøkt å få mora heim i over eit år

Inga si datter har i halvtanna år forsøkt å få mora inn på sjukeheim i Stavanger, etter at den norskdrivne sjukeheimen ho budde på i Spania blei lagt ned.

Sjukeheimen var eit spesielt tilbod der Bergen kommune kjøpte sjukeheimsplassar frå Stiftelsen Betanien.

Men Stavanger kommune har sagt nei fordi lovverket seier at personar som ikkje fysisk oppheld seg i Noreg, ikkje har rett til å søka om sjukeheimsplass.

Etter at NRK fortalde Sindre si historie refsa eldreministeren Stavanger kommune, og lova ein gjennomgang av lovverket.

– Mi sterke oppfordring til kommunane, i dette tilfellet Stavanger, er å førebu saka slik at ein kan gjera det formelle vedtaket same dag som vedkomande er tilbake i landet, sa Terje Søviknes (Frp) til NRK tidleg i januar.

Leif Arne Moi Nilsen

ØNSKTE HASTEVEDTAK: Frp-veteran Leif Arne Moi Nilsen tok til orde for å hastebehandla Inga Sindre sin sjukeheimssøknad i formannskapet.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Skjemst over eigen by

– Eg blei heilt dårleg då eg las reportasjen. Eg skjemst over eigen by, seier mangeårig politikar og gruppeleiar for Frp i Stavanger bystyre, Leif Arne Moi Nilsen.

Han stod bak ein interpellasjon til formannskapsmøtet torsdag, som resulterte i at Stavanger kommune vedtok å gi Inga Sindre naudsynte helse- og omsorgstenester med éin gong ho kjem til Stavanger.

– Eg fekk høyra at me ikkje skal driva saksbehandling av einskildsaker i formannskapet, og det er eg i utgangspunktet samd i. Men så lenge situasjonen er som han er, meiner eg det var på sin plass med eit unntak, seier Moi Nilsen.

Sjølv ville han at formannskapet skulle hastevedta å innvilga Sindre sjukeheimsplass, men fekk ikkje fleirtal for det.

Formannskapet vedtok følgande punkt:

  • Kommunen gjer ei førebels vurdering av Inga Sindre sine behov. Endeleg vurdering og saksbehandling av søknad om sjukeheimsplass blir gjort etter at ho har kome til Stavanger.
  • Sindre vil få naudsynte helse- og omsorgstenester frå det tidspunktet ho kjem til Stavanger.
  • Det skal leggast fram ei sak for utval for helse og velferd som viser omfanget av liknande søknader, med forslag til korleis slike saker kan løysast.

Risikerer korttidsopphald

– Me ser sjølve at dette ikkje var bra. Eg håpar det vil koma fram sunne ting frå denne gjennomgangen, seier Nilsen.

Vedtaket legg opp til at 95-åringen, som andre brukarar i pleieomsorga, vil få sitt behov grundig vurdert før kommunen konkluderer med langtidssplass i sjukeheim. I mellomtida kan det bli aktuelt med korttidsopphald i sjukeheim eller innlegging ved sjukehus.

Trass i at det er lange køar for å få langtidssjukeheimsplass i Stavanger, hevdar Frp-veteranen at 95-åringen vil få hjelp umiddelbart dersom familien bestemmer seg for å få henne heim.

– Dersom Inga Sindre er så sjuk som det kjem fram i NRK sin reportasje, så vil ho få sjukeheimsplass i ein fart. No skal det også lagast ei sak i administrasjonen for å kartlegga slike tilfeller, slik at dette aldri får skje igjen.

Ordførar i Stavanger kommune, Kari Nessa Nordtun (Ap), slår fast at Sindre vil bli følgd opp av kommunen sitt helseteam dersom ho flyttar til Stavanger.

– På lik line med alle andre Stavanger-innbyggjarar med slike behov, skriv Nordtun gjennom sin rådgjevar.