Hopp til innhold

Indre stamveg-line mest lønsam

Stamveg frå Byrkjelo via tunnel til Innvik og bru over Nordfjorden til Svarstad, er klart mest samfunnsøkonomisk lønsam.

Dette kjem fram i Statens vegvesen si eiga konseptvalutgreiing, der den samfunnsøkonomiske lønsemda no er vurdert.

Stor spaning

Det har vore knytt stor spaning til kva stamveg-alternativ frå Skei til Volda som vil gje størst samfunnsøkonomisk lønsemd. Og no viser det seg at det er berre indre alternativet som slår ut på pluss-sida i den samfunnsøkonomiske analysen. Hovudgrunnen til at det indre alternativet, som er kostnadsrekna til 4,5 milliardar kroner, kjem best ut er at det gjev det klart kortaste reisetida.

Negativ nytteverdi

Det andre hovudalternativet, der ein følgjer dagens E39, erstattar ferja Anda-Lote med bru og går i tunnel frå Lote til Hornindalsvatnet, får ein negativ nytteverdi. Midtre line er kostnadsrekna til fem milliardar.

Ikkje avgjort

Prosjektleiar Kjell Kvåle i Statens vegvesen slår fast at indre alternativ kjem best ut i den samfunnsøkonomiske analysen, men poengterer at også andre moment vil telje med når det endelege valet skal gjerast.