Hopp til innhold

Indisk industrieventyr for Havyard

Sidan 2005 har indiske Global Offshore kjøpt skip for to milliardar kroner frå Havyard.

Havyard 832

EVENTYR: Det er eit Havyard 832-design Global Offshore har skreve kontrakt med Havyard Group om levering av. Totalt har Havyard no selt heile 16 slike Havyard 832-design.

Foto: Harald M. Valderhaug

Verftet og dei indiske reiarane har nyleg skrive kontrakt på offshorefarty nummer sju og åtte.

Administrerande direktør i Havyard Group AS, Geir Johan Bakke, er stolt over det konsernet har fått til i India.

– Det er nesten eit lite norsk industrieventyr. Og det som er så givande i dette samarbeidet er at vi lærer noko nytt nær kvar einaste dag, seier han i ei pressemelding.

– Svært godt nøgde

Fem båtar er bygde og levert frå Havyard Ship Technology i Leirvik. I tillegg er eit skip under bygging i Hyllestad. Det skal leverast i mars neste år.

Før helga signerte altså kontrakten på eit nytt skip til 270 millionar kroner til juli neste år – samt opsjon på ny levering i mars 2014. Totalsummen for dei åtte båtane er kring to milliardar kroner.

(Artikkelen held fram under biletet)

Adm. dir. Geir Johan Bakke, og nestleiar i styret og adm. dir Aditya Garware.

NØGDE: Administrerande direktør i Havyard Group, Geir Johan Bakke, og nestleiar i styret og administrerande direktør i Global Offshore Services Ltd; Aditya Garware.

Foto: Havyard

– Sjølv om Havyards norskbygde farty kan koste meir enn farty frå andre land, er kvaliteten og pålitelegheita til fartya ekstremt tilfredsstillande, seier Aditya Garware, nestleiar i styret og administrerande direktør i Global Offshore Services.

Det indiske reiarlaget har 12 båtar, og opererer i Nordsjøen, Brasil, India og Vest Afrika.