I tolv generasjonar har farsgarden i Naustdal vore i familien sitt eige.
Framleis driv faren, Arild Herstad, garden og eldstedottera har brukt tida på konkurransekøyring, jobbar i butikk og som avløysar på gard.
Men etter fleire konkurransar i utlandet og seks NM-medaljar, deriblant to gull i sportskøyring, har ho byrja å tenkje på å slå seg meir til ro.
Med ei sterk kjærleik til dyr og jordbruk, odelsrett på farsgarden og lang erfaring som avløysar, ligg alt til rette for at Ina skal blir den trettande i rekka – etter ein far og ei mor som nærmar seg pensjonsalder.
Men tvilen har sige inn. Framtida ser rett og slett for mørk ut.
– Eg vil jo gjerne drive garden, men arbeidsmengda og økonomien taler imot, seier Herstad.
Det var Firda som først skreiv om Ina.
Krevjande utgangspunkt
I 2034 ventar lausdriftskravet, som seier at alle storfe skal ut av båsfjøsa.
For garden i Naustdal vil det krevje investeringar på mellom 10 og 12 millionar kroner.
I tillegg har kraftkrisa på kontinentet sendt straum- og gassprisane til himmels. For den norske bonden har det ført til skyhøge råvareprisar på alt frå straum til gjødsel og kraftfôr.
– Du treng ikkje vere rakettforskar for å sjå at det blir vanskeleg, seier Herstad.
- Les meir:
Økonomar har konkludert med at det med dagens støtteordningar ikkje er økonomisk forsvarleg å byggje om til lausdriftsfjøs for bruk med færre enn 30 kyr.
For ein fersk bonde ved eit typisk vestlandsbruk med 22 kyr og 15 sau, er dette ingen innbydande start.
– Per no freistar det ikkje å bli bonde, nei, seier ho.
Uvisse blant unge bønder
– Unge bønder opplever meir stress knytt til økonomi og investeringar enn eldre, så dette er ei stor utfordring for mange, seier sosiolog ved forskingsinstituttet Ruralis, Brit Logstein.
Ho leier nasjonal fagkompetansesenter for landbrukshelse ved St. Olavs hospital og har forska på den mentale helsa blant unge bønder.
Det mentale helsa blant bønder har gått ned, noko som kan forklarast med at dei i dag kjenner seg meir marginaliserte som yrkesgruppe, fortel ho.
Noko som verka negativt var dei usikre framtidsutsiktene i næringa. Det er viktig å oppleve at framtida er føreseieleg, seier ho.
– Korleis vil rammevilkåra sjå ut i framtida? Vil det vere rom for norsk kjøt- og mjølkeproduksjon framover? Slike moment slo negativt ut, seier ho.
I tillegg kan mange oppleve å stå åleine i møte med potensielle farar.
– Det kan vere faren for sjukdom i besetninga, tørke og flaum. Å ha eit velfungerande støtteapparat som gir høve for fagleg utvikling er avgjerande for trivselen, seier Logstein.
Bøndene blir stadig eldre
– Eg er uroa for utviklinga og skjøner at mange er usikre for om garden er ein del av framtida. Her har vi ein jobb å gjere, seier fylkesleiar i Vestland Bondelag, Anders Felde.
Den generelle utviklinga blant jordbruket i Noreg er dei aller fleste kjende med: Det blir stadig færre gardsbruk, og dei som er att blir større og større.
Når gjeld alderen til bøndene er også trenden klar: Gjennomsnittsalderen blant bønder har stige frå 48 til 52 dei siste tjue åra.
I 2000 var kvar fjerde bonde under 40 år. No er kvar sjette bonde under 40 år.
Felde peiker på lite fritid som ei årsak for at unge fell frå.
– Unge vil ha meir fritid enn det vi eldre har akseptert. Skal det vere attraktivt for unge, må også bønder kunne dra på foreldremøte, på fotballtreningar og andre ting, slik som alle andre i samfunnet, seier han.
Landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) har ikkje svart på førespurnaden frå NRK i samband med denne saka.