No vil Benedikte satsa vidare mot kongelaget

Benedikte Eide Ljøen frå Leikanger skyttarlag imponerte stort under opningsstemnet på Lerum Cup som går av stabelen i Sogn i helga. No satsar ho på plass på kongelaget i august.

Benedikte Eide Ljøen

IMPONERTE: Benedikte Eide Ljøen imponerte stort under stemna i Årdal fredag.

Fleire tidlegare skyttarkongar og nær heile eliten av norske baneskyttarar er samla til cup i Sogn denne helga.

Men alt under stemna som vart arrangert av Farnes skyttarlag i Øvre Årdal, fekk ein gode resultat frå lokale skyttarar. Og best av dei lokale var Benedikte Eide Ljøen, som vart ståande att med 249 og 347 poeng etter stemna - ein svært god poengsum så tidleg i sesongen.

– Over all forventning

– Det gjekk veldig bra og over all forventning. Eg har ikkje fått trent så mykje i det siste fordi eg har vore så oppteken. I dag måtte eg og skyte med eit gevær eg fekk låne av Eivind Yttri, fordi mitt ikkje er heilt i orden og eg må ha nytt løp, fortel Benedikte, som opphaveleg kjem frå Hellesylt på Sunnmøre.

Ho legg ikkje skjul på at ho var godt nervøs før ho entra standplass i dag.

– Eg la meg på skytebana i dag og tenker at eg skal prøve å få det til bra, så skyt eg 150 på 15-skoten og 99 på grunnlaget. Det var over all forventning, eg stod og skalv etterpå og pulsen var kjempehøg. Det var skikkeleg gøy å skyte så bra, smiler Leikanger-skyttaren.

Her kan du følgja resultata i Lerum Cup live gjennom helga.

Vil satse vidare

Etter det gode resultatet i dag er ho svært klar på at ho no vil satse hardt fram mot landskyttarstemna, som i år vert skipa til på Voss.

– Om det held fram så bra som dette, så trur eg at eg kan sjå fram til ein veldig spennande sommar fram mot landsskyttarstemna på Voss i august. Litt skummelt å tenke på, men med det resultatet eg hadde i dag så hadde eg vore med og kjempa om ein plass på kongelaget, sler ho fast.

Lang sesong

I baneskyting tevlar menn og kvinner i same klasse, men Benedikte trur at både ho og lagvenninne Marianne Stigen kan ha sjansen til å nå målet om plass på kongelaget i august.

– Eg ser i alle fall sjølv no at eg har moglegheita for å klare det, om eg berre vil. Men eg må neste sjå korleis det går utover, det er jo berre mai enda og dette er jo i august. Sesongen er lang enda.