Ikkje sidan 1800-talet har det vore så lite snø her som i år

På Maristova på Filefjell har dei drive med nøyaktige snømålingar sidan 1895, og aldri har dei målt så lite snø utanfor hotellet i byrjinga av mars som akkurat no.

Maristova

LITE SNØ: På Maristova er det uvanleg lite snø no

Foto: Jan Christian Jerving

– Det er ufatteleg lite snø her. Eg har berre budd her i 20 år, men svigermor som har budd her i 80 år seier også at ho ikkje kan hugse så lite snø, seier Linda Uglenes Maristuen.

Ho bur og jobbar på den tradisjonsrike turiststaden Maristova på Filefjell.

Familien Maristuen på Maristova har målt både nedbør og snømengder dagleg sidan 1895, og ført det opp i bøker dei har ståande i hyllene på hotellet.

– I fjor var det 115 cm på denne dagen, no er det berre 15 cm, seier Maristuen.

Målingane dei tek, blir sendt til meteorologisk institutt, og klimaforskar Ketil Isaksen stadfestar at det aldri har vore målt så lite snø der som i år.

Han seier at det same gjeld fleire andre stader på fjellet i Sør-Noreg.

– Veldig høge temperaturar og kraftig vind har bidrege til stor snøsmelting i slutten av februar, seier Isaksen.

Uvanleg mild periode i februar

Forskaren forklarer at den intense snøsmelteperioden i februar var heilt uvanleg, både fordi han kom så tidleg på vinteren, og fordi temperaturen var høg så mange dagar.

Han var på Maristova i vinterferien for å gå på ski, men det skrinne snødekket gjorde at det var vanskeleg for trakkemaskinene.

– Det er uvanleg lite snø her.

Lite snø å Maristova

HAR MÅLT LENGE: Sidan 1895 har familien Maristuen på Maristova målt snømengdene der.

Foto: Linda Maristuen

For dei som likar at det er snø på fjellet kan det sjå litt betre ut dei neste dagane.

Over store delar av landet er det meldt nedbør laurdag, og ein synkande temperatur gjer at det vil kome som snø heilt ned i låglandet.