I går la Sunnfjord Energi fram eit rekordresultat som mellom anna gav Førde eit saftig utbyte, og selskapet åtvarer no kommunane mot å selje aksjane sine. At det gjekk slik, overraskar ikkje Knut M. Olsen, noverande leiar i Senterpartiet i Sogn og Fjordane.
Hadde rett
For få år sidan vart kraftselskapa her i fylket gjort om til aksjeselskap, og Olsen gjekk sterkt mot at det offentlege selde seg ut. I dag slår han fast at han hadde rett.
Den gong var det mange som meinte det offentlege var tent med å løyse ut pengane som låg i aksjane. Men når Sunnfjord Energi i år gir eigarane heile 23 millionar i utbyte slik at det dryp kraftig på kommunar som Førde, er Olsen langt frå forbausa. – Det viser at kommunar som valde ein langsiktig strategi med å halde på aksjane, valde rett, seier Olsen.
Skjegget i postkassa
Men mange kommunar valde å kvitte seg med arvesølvet for å sleppe å kutte i tenestetilbodet til innbyggjarane. No sit dei med skjegget i postkassen, meiner Olsen.
Vågsøy er ein av kommunane som har verkeleg store økonomiske problem no om dagen. Onsdag vedtok kommunestyret å kutte mellom 30 og 40 stillingar. For kring sju år sidan hadde kystkommunen aksjar i Ytre Fjordane Kraftlag. Men det var behov for pengar i kassa, og kraftaksjane vart selde.
Angrar ikkje
Roger B Silden angrar ikkje på aksjesalet
– Kommunen har brukt pengane frå salet til skulebygg og idrettshall, omsorgsbustadar og betalt ned lån, seier ordførar Roger B. Silden. Han får seg ikkje til å angre på avgjerda på vegne av kommunen, og han meiner kommunen har kome godt ut av det.
– Dersom vi skal basere kommuneøkonomien på aksjespekulasjon er vi på ville vegar, seier Silden.
Men sjølv om ordføraren i den ruinerte kommunen ikkje gremmar seg, så finst det andre som tykkjer aksjesalet var ein tabbe. Asgeir Solheim, som representerer Senterpartiet i Vågsøy, er av dei.
– Aksjesalet var inga smart løysing. Mykje av fondet har gått til dagleg drift, seier Solheim.
Ny debatt
Som styreleiaren i Sunnfjord Energi, er Olsen viss på at debatten om aksjesal vil dukke opp att om ikkje lenge. Då vonar han at politikarane vil ha teke lærdom av det som har skjedd sidan sist problemstillinga var heit.