Hopp til innhold

Ikkje luksus nok i Norge

Norge har for lite luksus å by dei mest kresne amerikanske turistane, meiner reiseoperatørar frå USA som har vore på Vestlandet.

Alexandra Hotel i Loen
Foto: Ottar Starheim / NRK

Reiseglade og pengesterke amerikanarar jaktar på nye reisemål og er svært begeistra for naturen her i landet. Men sjølv ikkje firestjerners hotell er godt nok for dei kresne turistane.

Steinar Sørli

KLAR MED CHAMPAGNE: Steinar Sørli på Åmot Gard.

Foto: Alf Vidar Snæland

Denne veka var åtte amerikanske reiselivsagentar på rundtur, mellom anna vitja dei Åmot Gard i Gaular. Der tok Steinar Sørli imot dei med champagne og kanapear.

– No håpar vi at dei likar seg her i Sunnfjord og vil kome tilbake med gjester.

Dei amerikanske reiselivsagentane er blitt skyssa med ein privat yacht frå Bergen. Dei er på synfaring for å vurdere Norge som reisemål for kremen av amerikanske reisande.

– Forventar luksus

Og Åmot Gard fell i smak, iallfall hjå Marjorie Hunter frå Dallas, Texas.

– Eg elskar det, og kan knapt vente med å sende kundar hit. Vi har ikkje innsett kor utruleg vakkert og spennande dette landet er.

Men storslått natur er ikkje nok åleine.

– Våre kundar forventar eit nivå med luksus og sørvis som ikkje er til stades no, fortel Hunter.

Ho og følgjet bur på Solstrand hotell ved Os sør for Bergen, eitt av dei flottaste i Norge. Ho kallar det eit firestjernershotell, og meiner fem stjerner er minimum for hennar kundar.

(Artikkelen held fram under biletet).

Åmot Gard

LUKSUS: Vertskapet på Åmot Gard får god attest, men er ikkje femstjerners hotell.

Foto: Birger Meland

– På begynnarstadiet

Kristine Gaffney i The Travel Designer i Bergen er på eit vis vertskap for Norges-turen til sine amerikanske kollegaer. Ho prøver å by fram Norge til verdas mest kresne reisande.

– Dessverre er det slik at Norge fram til ganske nyleg har vore kjent for dårleg mat og lågbudsjettovernatting. Vi er akkurat på begynnarstadiet med dette luksussegmentet, det er folk som legg meir pengar i opplevingane, men dei forventar og ypparste kvalitet.

– Og det er klart at på ein stad som Åmot Gard har dei forstått kva sørvis er. Dei går opp på romma før gjestene skal gå til sengs om kvelden og opnar dyna slik at senga er klar. Dei har handlaga såpe på romma som duftar deilig, dei går ut om morgonen og plukkar jordbær frå eigen hage eller urter som dei brukar i maten.

Men dei fem romma på Åmot Gard er ikkje nok til å ta i mot ei bølgje av luksusturistar. Og Norge vil aldri kunne tilby luksushotella som dei saknar. Det fortel administrerande direktør Kristian Jørgensen i Fjord Norge, destinasjonsselskapet for Vestlandet.

(Artikkelen held fram under biletet).

Kristian Jørgensen

- VANSKELEG Å FÅ TIL: Kristian Jørgensen i Fjord Norge.

Foto: Ketil Jordan/NRK

– Greier ikkje levere

– Eg trur ikkje det er mogeleg å få det til med mindre vi har ein svært rik onkel som har lyst til å investere mykje pengar og ikkje minst subsidiere drifta i lang tid. Vi er eit kostnadskrevjande land med høge løner. Luksus krev mange menneske, med vårt lønsnivå og dermed få tilsette, og difor greier vi ikkje levere den typen luksus.

– Er det ikkje nettopp dei mest pengesterke vi bør lokke til eit høgkostland som Norge?

– Jau, og vi gjer det. Vi hentar inn svært pengesterke folk, men det er slike som ikkje krev den type luksus vi snakkar om her, dei vil ha skikkeleg kvalitet og fantastiske opplevingar, men dei treng ikkje gullkrane på badet.

(Artikkelen held fram under biletet).

Synne Askevold spelte for reiselivsagentane.

PRIVATKONSERT: Synne Askevold spela for dei amerikanske reiselivsagentane.

Foto: Alf Vidar Snæland

Har femstjerners oppleving

Besøket på Åmot Gard vart krona med ein privatkonsert av det 12 år gamle lokale talentet Synne Askevold. Slike opplevingar skal amerikanarane fortelje om når dei vender heim til ein konferanse med 4000 kollegaer.

Og det er vegen å gå, meiner Kristine Gaffney i The Travel Designer.

– Vi treng ikkje femstjerners hotell, men vi treng femstjerners opplevingar. Åmot Gard er ikkje eit femstjerners hotell, men opplevinga er femstjerners.