Hopp til innhold

Ikkje imponert over skattehjelpen

Skattesvikten til Bergen kommune er på 175 millionar kroner i 2015. Kompensasjonen frå regjeringa er ikkje god nok meiner Arbeidarpartiet sin byrådsleiarkandidat.

Harald Schjelderup

IKKJE IMPONERT: Arbeidarpartiet sin byrådsleiarkandidat i Bergen, Harald Schjelderup er lite imponert over regjeringa sin kompensasjon for skattesvikten i Bergen kommune.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– Det er veldig dårleg og for Bergen sin del er det ikkje godt nok, seier Arbeidarpartiet sin byrådsleiarkandidat i vestlandshovudstaden, Harald Schjelderup.

Han er lite imponert over hjelpa som Høgre-Frp-byrådet i Bergen no får av sine partifellar i regjeringa. Finansminister Siv Jensen la fram revidert nasjonalbudsjett i dag, der det kom fram at Hordalandskommunane får 84,5 millionar kroner i ekstra overføringar for å dekke inntektstap grunna lågare skatteinntekter.

46,8 av desse millionane hamnar i Bergen. Det er berre ein fjerdedel av inntektstapet som kjem av sviktande skatteinntekter. Prognosane til no i år syner nemleg at skattesvikten i kommunen vil bli på kring 175 millionar kroner.

Veldig takknemleg

Finansbyråd Liv Røssland frå Frp sa til NRK i april at situasjonen er alvorleg.

– Vi er i ferd med å bruka pengar me ikkje har, sa ho og forventa at deira eigen regjering ville ta skattesvikten på alvor i revidert nasjonalbudsjett, sa ho då.

Og i dag fekk ho forventningane innfridd, etter å ha sett på kva konsekvensar det reviderte nasjonalbudsjettet får for Bergen kommune.

Vi får 48 millionar som kompensasjon for dei sviktande skatteinntektene. Men med dei justerte anslaga for skatt og inntektsutjevning, i tillegg til at ein i det reviderte budsjettet seier at ein får mindre utgifter til lønnskompensasjon, betyr det at Bergen kommune berre manglar 15 millionar, seier Røssland.

Ho meiner dette er fullt mogleg for Bergen å klare.

Kommunekvardagen blir betre

Schjelderup i Arbeidarpartiet trur dagens kompensasjon frå regjeringa vil føra til ytterlegare kutt i kommunen.

– Gapet er så stort at eg trur byrådet snart må leggje fram ein kuttpakke som vil råke barn og unge og pleietrengande. Så dette er skuffande nyheiter, seier Ap-politikaren.

Røssland er ser det ikkje slik.

– Vi er veldig takknemlege for å bli høyrt av både Storting og regjering på den utfordringa Kommune-Noreg har hatt med sviktande skatteinntekter, seier ho.

Du har altså funnet meir pengar til Bergen?

– Ja. I det reviderte budsjettet ligg det endra føresetnader når det gjeld mellom anna skatte og inntektsutgjenvning og lønnsoppgjer. Det ligg altså meir enn eitt beløp her, seier Røssland.

Ho meiner regjeringa no har løyst dette problemet på ein god måte.

– Revidert nasjonalbudsjett har gjort kvardagen for Kommune-Noreg mykje betre.

– Vil hjelpa godt på veg

Peter Christian Frølich i Høgre seier dei veit om den vanskelege økonomiske situasjonen i Bergen.

– Eg trur desse friske midlane vil hjelpa godt på veg i Bergen, som vi veit har store økonomiske utfordringar på grunn av store investeringar i mellom anna skulesektoren, seier Frølich i ei pressemelding.

– Regjeringa har lytta til kommunane, og trass i at det ikkje er normalt å kompensere kommunane for lågare skatteinntekter føreslår regjeringa ei styrking av kommuneøkonomien midtvegs i året, seier leiar i kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget, Helge Andre Njåstad frå Frp.