Hopp til innhold

Ikkje heilt beint fram med namn...

Trudde du at at fylket vårt fekk namnet Sogn og Fjordane utan at det var usemje om det, og at det skjedde kjapt? Tru om att!

Montasje amtsting/fylkesting

NAMNESKIFTET: Frå Nordre Bergenhus amt til Sogn og Fjordane fylke.

Den 1. januar 1919 skifta Nordre Bergenhus Amt namn til Sogn og Fjordane. Dette vart vedteke i Odelstinget 14. august 1918. Men før vedtaket vart gjort var det ein langvarig og lettare innfløkt prosess der mange andre namn var inne i biletet.

I 1900 oppmoda Stortinget regjeringa om å få norske namn på både bispedøme og sivile inndelingar. I 1902 vart ei nemnd sett i arbeid. Nemnda kom med framlegg om at Nordre Bergenhus amt skulle bytast ut med Sogn og Fjordane syssel.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sygna og Firda syssel

Men Nordre Bergenhus amtsting var slett ikkje overtydd om at dette var beste namnet. Den 7. juni 1907 kom tinget med denne tilrådinga: "Det henstilles til statsmagterne under den mulige forandring af rigets geistlige og civile inddelingsnavne at ombytte betegnelsen Nordre Bergenhus amt med Sygna og Firda syssel". Amtstinget vedtok tilrådinga med 27 mot 7 røyster.

Så gjekk det åtte år. I 1915 gjekk eit fleirtal i amtsutvalet inn for namnet Firda og Sygnafylke. Eit mindretal gjekk inn for Fjordane (alternativt Fjordane og Sogn), andre i utvalet likte best Sygna og Firdafylket.

Fjordane mest pop

Samstundes fekk kommunane i fylket høve til å kome med innspel, og det gjorde at fleire namn vart lanserte. Sju kommunestyre gjekk inn for Fjordane, sju andre ville ha Sygna og Firda, fem likte best Sogn og Fjordane, to tilrådde Firda og Sygna, i tillegg var det framlegg om Firda og Nordre Bergenhus.

Ingolf Elster Christensen

GJENNOMFØRDE NAMNESKIFTET: Ingolf Elster Christensen var fylkesmann då amtet vart omdøypt til Sogn og Fjordane fylke.

Med andre ord var det eit langt frå soleklart råd som vart sendt inn til dei sentrale styresmaktene i Oslo, det var vel så sprikande som det kunne bli. Og heller ikkje i Oslo var det beinkløyvt. I odelstingsproposisjonane gjekk dei to professorane Falk og Hægstad inn for at Fjordane vart det nye fylkesnamnet.

Justisdepartementet meinte det burde heite Fjordene eller Sogn og Fjordene. Det var Kyrkje- og undervisningsdepartementet som til slutt vann fram med sitt framlegg: Sogn og Fjordane.

I mål etter 18 år

18 år etter at prosessen med namneendring vart sett i gang var dei i mål, Odelstinget gjorde vedtaket sitt 14. august 1918. Samstundes vart nemninga amt og amtmann historie, frå 1.1. 1919 skulle det vere fylke og fylkesmann.

Samstundes vart nemninga Bergen stift endra til Bjørgvin bispedøme, og Sogn og Fjordane vart i geistleg samanheng ein del av Bjørgvin.

(Kjelde: Oddvar Natvik: Sogn og Fjordane fylke – fylkesnamnet , artikkel, Fylkesarkivet).