Hopp til innhold

Ikkje fullverdige lokalsjukehus

Høgre vil ha lokalsjukehus med tilpassa akuttfunksjonar og fødetilbod som i dag

Bjørn Lødemel
Foto: NRK

Nordfjordeid og Lærdal må i framtida ha lokalsjukehus med tilpassa akuttfunksjonar og ikkje såkalla fullverdige lokalsjukehus. Det meiner Sogn og Fjordane Høgre som i helga vedtok partiet sin helse- og sjukehuspolitikk.

Opprettheld føden

- Vi vil jobbe for sjukehusa med dei funksjonar dei har i dag, seier Eva Marie Halvorsen frå Førde.

Også fødetilbodet skal vere som i dag både på Nordfjordeid og i Lærdal.

- Det er eit kompromiss, men Høgre står for det, seier Halvorsen.

Spørsmålet om lokalsjukehusa vart som venta eitt av dei vanskelege punkta då Høgre laurdag hadde kalla inn til eit ekstraordinært årsmøte for å vedta sjukehuspolitikken.

Sterkt sentralsjukehus

Alle var samde om å arbeide for eit sterkt sentralsjukehus i Førde, men når det gjaldt lokalsjukehusa ville enkelte bruke ordet fullverdige lokalsjukehus, noko som i følgje legeforeininga betyr sjukehus med medisinsk og kirurgisk akuttberedskap og fødeavdeling.

Men berre åtte personar røysta for dette. 35 ville ha formuleringa lokalsjukehus med tilpassa akuttfunksjonar og fødetilbod som i dag.

Kjempar vidare for Nordfjord

Oddvin Hansen frå Eid støtta mindretalet, men meiner kampen hans for Nordfjord sjukehus blir som før.

- Som forkjempar for Nordfjord sjukehus ynskjer eg å vidareføre kampen, men eg ser ikkje at det er noko motstand i partiet, seier Hansen.

Fylkesleiar Bjørn Lødemel innser at partiet med dette har forlate kampen for fullverdige lokalsjukehus, og han er komfortabel med det.

- Eg trur det er fornuftig å byggje på det vi har i dag, og at sjukehusa får større fridom til å utvikle tenester, seier Lødemel.