Bondevik-regjeringa løyver 100 millionar kroner ekstra til ulike riksvegprosjekt, men altså ingenting til Hordaland.
Ny regionalisering
Tor Geir Espedal
Bergen blir senter for Region Vest, når vegkontora i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane blir samla til EIN region. Det går fram av regjeringen sitt tilleggsforslag til statsbudsjettet for 2002, som også vil konkurranseutsetja Statens vegvesen og gjera det om til eit statleg aksjeselskap.
Vegsjef Tor Geir Espedal er redd det blir vanskelegare for Rogaland å få gjennomslag for regionen sine behov innan vegsektoren.
Departementet overtek
Samferdsledepartementet overtek styringa med kollektivtransporten i fylka. Det er ikkje lenger Hordaland fylkeskommune som skal bestemma korleis dei statlege midlane til kollektivtransporten skal brukast.
Betre utnytting
Torild Skogsholm
- Hensikten er å få mer helhet i statens samferdselsprioriteringer, en målrettet utnyttelse av de offentlig bidragene til kollektivtransporten og mer forutsigbare rammebetingelser for bransjen, sier samferdselsminister Torild Skogsholm.