– Noko kjenner folk att, mens noko tviler eg på at dei har sett før.
Det seier Anne Kristin Moe, kulturhistorikar og avdelingsdirektør ved Nordfjord Folkemuseum.
– Juletrepynt er noko folk er opptatt av, og vi ønsker å formidle kor tradisjonane kjem frå, seier ho.
Skiftande trendar
Utstillinga viser pynt frå 1880 og fram til i dag, og det er både heimelaga og kjøpte dekorasjonar.
– Juletrepynt er ein tradisjon som kom til oss via Tyskland der handverkarane i mellomalderen begynte med juletre, fortel Moe.
Først på 1820-talet kom tradisjonen til Noreg, og det første juletreet i Oslo blei pynta. Då det blei vanleg å ha juletre i heimane, pynta folk med det dei hadde.
Frå heimelaga til masseproduksjon
Ved å samle juletrepynt frå ulike tiår blir det tydeleg korleis pynten har endra seg. I etterkrigstida var det populært med masseprodusert pynt.
– På ein måte var det eit større mangfald før, seier Moe.
Til dømes var det vanleg med glaspynt i ulike fargar og formar. Før kunne det henge både konglar, eksotiske frukter, klokker, elefantar og kalkunar i fargerik glas på trea.
– No er det ulike trendar og nokon sver til ein stil, enten fargerik eller minimalisme. Samtidig er folk opptatt av tradisjonar og samlar frå ulike tiår, fortel Moe.