Hopp til innhold

Førstegongscamparar med nybegynnarfeil: – Skulle nok hatt eit større telt

Camping er blitt folkesport, men ikkje alle dei nye campingturistane er like rutinerte. – Vi får spørsmål om når frukosten serverast, ler campingeigar.

Førstegongsteltarane må sove i telt medan foreldra bur i bobilen like ved.

ENKLE KÅR: I år er første gong Tobias Skontorp og kjærasten Rita Børresen reiser på ordentleg campingtur. – Me pakkar nok større telt neste gong, seier Børresen.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Det er trongt, men det går akkurat, seier Rita Børresen.

Saman med kjærasten Tobias Skontorp er ho denne sommaren på sin første ordentlege campingtur.

– Foreldra mine sa det var fint her, så då følgde vi etter. Det går fint, men me ser jo no at me kanskje kunne hatt eit større telt, seier ho.

Rett bortanfor ligg foreldra, som er erfarne campinggjester.

– Alle må jo byrje ein stad, ler Frode Børresen, vel vitande om at han og kona Randi kjem til å ha ein betrakteleg meir komfortabel natt enn dottera og kjærasten hennar.

Frode og Randi Børresen har det meste dei treng for å dra på campingtur.

GODTAR SEG: Lite å utsetje på komforten hos ekteparet Frode og Randi Børresen.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Mykje rart

Dagleg leiar av Olden Gytri Camping, Kristin Sveum, fortel om ei bølgje av førstegongscamparar.

Det er mange, og det er like spanande kvar gong, seier ho.

I likskap med andre campingeigarar NRK har vore i kontakt med fortel ho om nye gjester som gløymer å pakke med seg det mest elementære – som telt, liggjeunderlag og skøyteleidningar til straum.

– Det mest bisarre har vel kanskje vore folk som har vorte sinte på oss fordi det er dårleg vêr, og argumenterer med at det er sol på bileta våre. Men me kan ikkje styre vêret, seier ho.

Leiaren av Olden Camping Gytri.

RARE FØRESPURNADER: Leiar Kristin Sveum av Olden Camping Gytri seier at ho har fått høyre mykje rart, frå folk som ikkje er vande med å telte, denne sommaren.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Sjekkar inn med frakk og trille

Raymond Ringvej er nestleiar ved Moskenes camping i Lofoten.

Også han har opplevd mykje rart.

– Mange lurar på når frukosten serverast, ler han.

Han legg til at han også synest det er litt snodig å sjekke inn på ein campingplass med frakk og trille.

Manual for nybegynnarar

Wenche Dokken er dagleg leiar på Gol Campingsenter i Hallingdal.

Der har pågangen frå førstegongscamparar vore så stor at dei har lage ein eigen manual med enkle instruksjonar for korleis campinglivet fungerer.

Særskilt ein ting har plutseleg vorte eit gjentakande problem, fortel Dokken:

– Folk trur at dei kan ta vaskepulver i tørketrommelen. Men det er ikkje ein vaskemaskin. Vi har måtte tømme den, fleire gonger.

Gol Camping.

FULLT: Mange førstegongscamparar har valt å reise til Gol camping denne sommaren. – Fleire forsøker å booke, men me har jo alltid hatt drop-in, seier dagleg leiar Wenche Dokken.

Foto: HT Drone

Skal lære til neste gong

Tilbake på campingplassen i Olden har familien Eikås Nygård nett svinga inn.

Dei hadde håpa på tak over hovudet, men måtte ta til takke med telt.

– Vi vart litt stressa i dag for at det vart slik. Det er første gong me må sove i telt i lag, så me visste ikkje heilt korleis me skulle førebu oss, seier Cecilie Eikås Nygård.

Ikkje langt unna er kjærasteparet klar på kva dei har lært til neste gong.

– Ein lyt pakke godt og ha med seg godt med klede og mat, seier Rita.

Og så er det kanskje lurt å ta med seg eit større telt.

Ut på tur, aldri sur. Telt, eller ei.

NØGD: Sjølv om det ikkje vart hytte, er familien Eikås Nygård glad for å vere på campingtur saman for første gong. Frå venstre: Alise, Margrethe, Tonje og Cecilie.

Foto: Ola Weel Skram / NRK