Hopp til innhold

Tidlegare toppidrettsutøvar tiltalt for svært grove overgrep mot mindreårige

Ein tidlegare idrettsutøvar på nasjonalt nivå og trenar skal ha fått fleire mindreårige jenter til å utføre svært grove, seksuelle handlingar på Snapchat.

Det er ein omfattande tiltale som no er tatt ut mot mannen i 30-åra frå Vestland. Overgrepa politiet meiner han står bak, skal ha skjedd i løpet av 2018.

  • Sommaren og hausten 2018 skal han ha fått to mindreårige jenter til å gjere svært grove ting med seg sjølv på Snapchat.
  • Han hadde over 500 bilete og over 40 videoar som syner ekstremt grove overgrep mot barn, inkludert samleie og dyresex
  • Han skal ha delt ein grov Snapchat-video han sjølv hadde fått frå ei mindreårig jente

Vil ikkje uttale seg

Påtalemakta ønskjer ikkje å uttale seg i saka før den skal opp i tingretten i mai.

Men det har vore ei brei etterforsking, der politiet blant anna har gått igjennom materiale dei fann på mannen sin PC og mobiltelefon.

Dei to jentene har fått oppnemnd kvar sin bistandsadvokat, men dei har førebels ikkje hatt høve til å uttale seg. Den eine jenta kjem frå Nord-Noreg, den andre kjem frå Vestlandet.

Populær trenar

Mannen, som no er tiltalt, var i fleire år på høgt nasjonalt nivå i sin idrett. I sosiale medium har han dei siste åra marknadsført seg som ein populær trenar.

Det mest alvorlege av lovbrota han no er tiltalt for har ei øvre strafferamme på seks års fengsel.

– Eg har førebels ikkje fått diskutert tiltalen med min klient, seier mannen sin forsvarar, Ivar Hauge.