Hopp til innhold

Fotballdommar dømd til fengsel for overgrep – får ikkje vere på sosiale medium

27 gutar hadde status som fornærma i den omfattande overgrepssaka. Mannen (29) er også frådømt retta til å vera dommar, trenar og ha kontoar på sosiale medium på ubestemt tid.

Fotballdommer tiltalt for overgrep, viser chatlogg fra Messenger

SEXCHAT: Skjermdumpane viser korleis dommaren blanda dommarpreik og seksualisert chatting. Dette er NRK sin gjenskaping av det som blei lest opp i retten i dag.

Illustrasjon: Alrik Velsvik / NRK / montasje

– Han må også betale erstatning til offera i saka, seier bistandsadvokat Tom-Daniel Karlstad til Nettavisen, som var dei som omtala dommen frå Bergen tingrett først.

Den 29 år gamle fotballdommaren var tiltalt på tolv punkt av ulike seksuelle overgrep og misbruk. Nokre av dei gjeld fysisk kontakt, men flesteparten gjeld overgrep over nettet.

Totalt er det 27 fornærma i saka. Fleire av dei fornærma er knytte til fotball- og handballmiljø i bergensområdet.

– Utspekulert

Under straffesaka vart 29-åringen konfrontert med mange samtalar frå Snapchat og Facebook. Fleire av samtalane blanda dommarpreik og grovt seksualisert innhald.

I dommen slår tingretten fast at mannens tilnærmingar til ungdommane har klare fellestrekk.

Dommarane meiner han ovanfor fleire fornærma spelte på og utnytta at dei var i sårbare situasjonar, anten det handla om at dei var mobbeoffer, hadde få vener eller at nokon trengde veiledning som dommarar.

29-åringen har då fortald nokre av dei fornærma at han sjølv var mobbeoffer og hadde hatt ei vanskeleg oppvekst. Slik meiner dommarane at 29-åringen klarte å bygge tillit til dei unge gutane.

«Når tillitten så var oppnådd, dreide tiltalte kommunikasjonen over i seksuelt prat, og etterhvert – for en del – ble resultatet at tiltalte fikk nakenbilder og videoer med seksuelle handlinger fra mange av de fornærmede».

Tingretten meiner dette er straffeskjerpande og omtalar framgangsmåten til 29-åringen som «utspekulert og hensynsløs».

Christine Møen Wisløff

AKTOR: Politiadvokat Christine Møen Wisløff i Bergen tingrett.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Får ikkje vere dommar meir

I sin prosedyre i Bergen tingrett bad aktor Christine Møen Wisløff om ei straff på sju år fengsel.

Til NRK fredag seier ho at ho ikkje har fått lese grunngjevinga til tingretten enno.

– Men han er domfelt for alt, sett bort frå eit forsøk på seksuell omgang, seier Møen Wisløff.

Ho fortel at 29-åringen i tillegg til fengselsstraff er blitt frådømt retten til både å vera dommar, samt å ha kontoar på sosiale medium.

Til NRK listar ho opp frå dommen:

  • «retten til å inneha stilling som, eller å virke som, dommer, trener, ha andre stillinger, verv, eller medlemskap i idrettsklubber eller forbund på ubestemt tid»
  • «retten til å inneha andre roller i organisert og uorganisert barne- og ungdomsaktiviteter på ubestemt tid»
  • «retten til å ha kontoer på sosiale medium, herunder Facebook, Messenger, Snapchat og Instagram, og eventuelle andre sosiale medium av samme karakter, samt brukerkonto på Skype på ubestemt tid»
  • «til å tåle inndragning av Facebook, Messenger, Snapchat og Instagram, samt brukerkonto på Skype»

– Dette er ein god og grundig dom. Vi er også nøgde med at erstatningane er i tråd med det vi la ned påstand om, seier Beate Hamre til NRK.

Ho var koordinerande bistandsadvokat for 25 av offera i saka. Hamre seier dei har fått tilkjent differensierte summar på mellom 60.000 og 125.000 kroner.

– Det er første gang eg er med i ei sak der den tiltalte også blir frådømd retten til å ha konto på sosiale medium på ubestemt tid. Eg tykkjer det er ei riktig vurdering gitt alvoret i saka, seier Hamre til NRK.

Forsvarar Bertil Rønnestad seier han vil gå grundig gjennom dommen med sin klient.

– Eg har orientert han om slutninga. Utover å registrere at den er lågare enn aktor si påstand, har eg ikkje fleire kommentarar no.

Tom tiltalteboks i Bergen tingrett

VITNEBOKS: 29-åringen måtte forklare seg om mange forhold i den omfattande saka i Bergen tingrett.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Seksualisert chat

29-åringen innrømma ei rekkje tilfelle av seksuelle overgrep mot unge gutar og erkjente straffskuld på ti av tolv punkt i tiltalen.

– Eg kan ikkje fatte korleis eg har latt dette få skje. Eg burde vore vaksen, og sagt at eg ikkje kunne vore med på det. Eller endå betre, å gjere noko for aldri hamne i den situasjonen, sa han under rettssaka.

Eit av forholda gjeld seksuell omgang med ein mindreårig gut når tiltalte sjølv var 23 år. Mannen møtte guten på ein nettstad, og etablerte eit tillitsforhold med han.

Dei avtalte å møtast heime hos tiltalte.

– Eg har frykteleg vondt av det han har gjennomgått, sa mannen angrande i retten.

29-åringen hadde sentrale roller i NFF Hordaland, mellom anna knytt til administrasjonen av dommarar.

Tiltalte hadde vore med på å rangere dommarar, der han kom med forslag til om dommarar skulle flyttast opp eller ned divisjonar.