Her satsar den unge karrierekvinna millionar på ein idéfabrikk, som hun håper vil lokke folk frå heile verda.
- Dette er noko du gjer berre ein gong i livet, seier Birgitta sjølv. Fabrikken opna i slutten av juni i den vesle industribygda, etter fleire år med planlegging. Målet er at fabrikken skal produsere idear og dristige planar, og at idérike menneske frå heile verda skal møtast for å utvikl prosjekta sine.
Satsar alt
Birgitta har saman med den franske kjærasten og designarkollegaen Alexandre Bau satsa alt, og dei har teke opp store lån for å byggje fabrikken.
Vi blir med dei i gjennomføringa av det dristige prosjektet. Alt går ikkje etter planen, og bygginga blir forsinka fleire gonger. Det betyr mange ubehagelege møte, stram økonomi og lite tid til familien. I tillegg møter ho skepsis i den tradisjonsrike industribygda.
Ordføraren håper at hun vil skape nye arbeidsplassar, mens folk flest gjerne skulle ha sett at den finaste sjøtomta i sentrum ble brukt til noko anna.
Blir med til Paris
Vi blir også med designarparet tilbake til Paris, og det som før var kvardagen deira. Men det blir lite tid til avslapning, og dei jobbar hardt for å selje draumen: Å få så mange som mogeleg til å bruke fabrikken i Norge.
Og etter ni månader med hardt arbeid, er det endeleg klart for opningsfest på fabrikken. Birgitta har ofra mykje for å komme fram til denne dagen. Men var det verdt alt slitet?
DOKUMENTAR: Industridesignar Birgitta Ralston har lenge hatt ein stor draum: å byggje ein fabrikk som skal produsere idear. Ho og familien flyttar frå Paris til den vesle bygda Dale i Sunnfjord for å realisere denne draumen. Håpet er at folk frå heile verda skal kome hit for å vere kreative, men vegen fram mot målet er ikkje enkel.