Hopp til innhold

I tre avhøyr heldt den sikta fast på at han køyrde Veronica heim – så endra han forklaring

Mannen i 40-åra, som er sikta for falsk forklaring i Veronica-saka, heldt i tre avhøyr fast forklaringa om at han hadde køyrt kjærasten sin heim. Først då han vart konfrontert med trafikkdata som politiet hadde fått hand om, endra han forklaring.

Årøy

ENDRA FORKLARING: Den sikta mannen forklarte først at han køyrde Stegegjerdet tilbake til hennar bustad i Årøy laurdag 25. oktober. Så endra han forklaring til at han var på besøk hjå henne to gonger fredag 24. oktober.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Mannen vart pågripen tysdag 24. november, sikta for å ha gitt politiet falsk vitneforklaring i ei sak som gjeld eit mistenkjeleg dødsfall.

Mannen i 40-åra, som skal ha vore kjærasten til Stegegjerdet, har vore avhøyrt to gonger som vitne og to gonger som sikta. Det går fram av fengslingsavgjerda som NRK har fått innsyn i.

I tre avhøyr heldt han fast på at han hadde med seg Stegegjerdet til Leikanger fredag 24. oktober, og at han køyrde henne heim laurdag 25. oktober.

Dette har vore rekna som den siste sikre observasjonen av kvinna.

– Ikkje med vitande og vilje

Men i Sogn tingrett førre torsdag, då mannen vart begjært varetektsfengsla, og konfrontert med at politiet hadde trafikkdata som ikkje stemde overeins med den tidlegare forklaringa hans, endra mannen forklaring.

I retten forklarte mannen at han hadde vitja Stegegjerdet fredag 24., reist frå henne og så returnert til bustaden hennar i Årøy seinare på kvelden.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

FORSVANN: Veronica Heggheim Stegegjerdet var sakna i fleire veker, og det vart gjort omfattande søk før ho vart funnen i Barsnesfjorden.

Foto: Privat

Mannen forklarte at han i dei tidlegare avhøyra kjende seg sikker på at det var slik ting hadde skjedd, og at han ikkje med vitande og vilje hadde forklart seg urett for politiet.

Han hevda i retten at han skal ha vore svært fortvila og utmatta psykisk då vitneforklaringane vart gitt så kort tid etter at kjærasten hans var forsvunnen.

Mannen er tidlegare straffedømt for å ha brote fingeren på ein lensmann og teke kvelartak på ei kvinne.

Har problem med hugsen

Det stadfestar advokaten til mannen, Trygve Staff.

– Det er sterkt sannsynleg at han har komme i skade for å gi nokre opplysningar som ikkje har vore korrekte, rett og slett fordi han, då han forklarte dette, ikkje hugsa eller kunne ta att kva som hadde skjedd når, sa Staff til NRK.no onsdag.

Advokaten peikar på at det var først då mannen fekk lagt fram trafikkdata frå politiet, at han klarte å hugse nøyaktig korleis ting hengde saman.

– Han har også medisinske forhold som gjer at hugsen og framstillingsevna kanskje ikkje er heilt som hjå alle andre, sa Staff.

– Så din klient har ikkje forklart seg medvite uriktig?

– Heilt korrekt. Han har komme i skade for å seie noko som, då han sa det, var bygd på noko han trudde var rett, sa Staff.

(Artikkelen held fram under biletet)

Roser lagt ned ved Barsnesfjorden i Sogndal

MINNAST: Mange har lagt ned blomar og lys ved funnstaden ved Barsnesfjorden.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fann éin kilo marihuana

Mannen vart i førre veke varetektsfengsla i ti dagar. Påtalemakta ville opphavleg ha fire veker varetekt for mannen, og anka avgjerda til Gulating lagmannsrett.

Lagmannsretten gav onsdag påtalemakta medhald i anken. Den sikta mannen skal dermed sitje i varetekt, med brev- og besøksforbod fram til julaftan.

Lagmannsretten påpeikte i rettsavgjerda at den sikta ikkje er sikta for å ha med Stegegjerdet si forsvinning eller død å gjere, og at dei vanskeleg kan sjå at det er fare for bevisforspillelse knytt til dei urette forklaringane, då dette er nedteikna skriftleg.

Under fengslinga av den sikta mannen, vart det funne ein kilo marihuana i bustaden hans, og det er faren for at han kan øydeleggje bevis, knytt til narkotikaforbrytelsen, som gjer at lagmannsretten gav påtalemakta medhald i anken.