Hopp til innhold

Følg Oselie (14) i MGPjr-finalen

Oselie Henden frå Eid vann MGPjr i kveld.

Se Oselie synge sangen Verda vår i finalen i MGPjr 2017.

Oselie Henden

GLER SEG: Oselie Henden fortel at ho har hatt fantastiske dagar i Oslo.

Foto: NRK

Songen til heiter «Verda vår» og ho blei inspirert av flyktningkrisa til å skrive songen. 15.000 publikummarar i Telenor Arena og fleire hundre tusen TV-sjåarar såg at ho gjekk heilt til topps i MGPjr.

– Alle håper jo på å vinne, eg unner alle saman å vinne, men det blei meg, smilte ho frå scena.

Før det heila braka laust, var ho svært klar for å stå på scena.

– Det blir gøy, for eg kjem på TV og alle får sjå og høyre songen min. Kan det bli betre?

– Du blir ikkje nervøs?

– Nei, for jo fleire, jo betre er det, ler ho.

MGPjr-finalen er ein stor produksjon og denne veka har alle finalistane hatt lydprøvar og øvd mykje med koreografar og sceneprodusentar.

– Det har vore fantastisk gøy, men det er masse gjentakingar sidan mange skal filme og passe på at alt blir rett. Men vi får også «chille» og slappe av. Dei andre finalistane er veldig hyggelege og vi har blitt ein kjempefin gjeng.

I Oslo for å heie på Oselie Henden

HEIA OSELIE: Det er ikkje tvil om kven desse skal heie på i kveld.

Foto: Odd Helge Henden

Målet er sjølvsagt å vinne finalen, men ho ser på det som ein siger å ha fått komme så langt.

– Det å få komme hit er som å vinne, å få oppleve dette eventyret. Det har vore så kjekt å vere her at eg vil nesten ikkje at det skal ta slutt.

Denne helga er det ekstra mange eidarar i Oslo, nettopp for å heie på Oselie. Det set ho stor pris på.

– Det er kjempekjekt at folk vil bruke tida si for å sjå meg. Eg er takksam for alle som vil sjå på, og det blir eit heilt sjukt bra show, lovar ho.

Sjå finalen i nett-TV eller på NRK1 frå kl. 19:55.

For andre året på rad er Nordfjordeid representert i finalen i MGP junior.
     

KLAR FOR MGPJR: Oselie Henden skal delta finalen. Tidlegare i veka hadde ho siste innspurt heime i Eid.