Hopp til innhold

I helga snødde det i Valdres – til pinsen kjem sommarvêret i sør

Om du er av dei som lurte på kor sommaren blei av i sør kan meteorologen kome med trøystande ord: Til helga kjem han.

Islandshestar på beite på Stølsvidda i Valdres

MAISTEMNING: For staute Islandshestar gjorde det nok lite at helga var ruskete.

Foto: JARLE I. KVAM

– Om vi ikkje får 20 grader i dag er det gode moglegheiter i neste veke, fortel statsmeteorolog Julie Solsvik Vågene om vêret på Vestlandet.

Helga vi har lagt bak oss i sør bar lite preg av at juni månad står for døra.

I Valdres fekk islandshestane eit lag nystøv over manen.

Men det er siste porsjon snø i Valdres, fortel statsmeteorolog Per Egil Haga.

– I kortheit er det høgtrykk, pent og varmt i nord, lågtrykk med ustabile luftmassar med regn i sør, fortel han om dei komande dagane, seier Haga.

Altså kan Finnmark, Troms og delar av Nordland nyte sommerlige temperaturar opp i mot 20 varmegrader mot helga.

Bading på Rambergstranda, Lofoten.

VARMT: I Nord-Noreg er det berre å nyte sommaren opp i mot helga.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

Medan det i Sør-Noreg for det meste vil halde seg under 20 varmegrader fram mot pinsehelga.

– Når vi kjem til pinse så snur det

Det er store omveltingar i sirkulasjonen i atmosfæren desse dagane, ifølgje meteorologen.

I pinsehelga vert vêrkartet snudd på hovudet og det er venta høgtrykk i sør og lågtrykk i nord. Temperaturen i nord vil falle med 10 grader enkelte stadar og vêret vert prega av regn.

– I løpet av pinsen blir det over 20 grader i sør, lover Haga.

I hovudstaden kan det kome opp i 22-23 grader og det er venta lettskya pent vêr i helga.

Grotlesanden i Bremanger

OVER 20 GRADER: Nedkjøling på Grotlesanden i Bremanger.

Foto: Lilli Ann Seljeseth

Vil vare ut i juni månad

I sør vil penvêret mest truleg vare inn i komande veke medan sjansane for regn aukar mot helga.

– No ser det ut til at vintervêret er over her i sør, seier Haga.