Hopp til innhold

I helga håpar dei å gå glipp av tusenvis av kroner

Billettinntektene går ikkje i klubbkassa når Førde volleyballklubb møter NTNUI til dobbeltoppgjer i helga.

Vasile Afloarei, Mathias Loftesnes og Lars Fredrik Tvinde jublar over siger

JAKTAR POENG: Mathias Loftesnes (i midten) & co håpar å sikre seg sjølve tre nye poeng - og Kreftforeininga minimum 10.000 kroner - mot NTNUI.

Foto: Rune Fossum / NRK

Både dame- og herrelaget håpar på fulle tribunar, full poengpott og minimum 10.000 innsamla kroner til sesongens første heimekampar på søndag.

Billettinntektene går uavkorta til kreftforeininga sin Rosa sløyfe-aksjon.

Jan Ove Hafstad studerer kortversjonen av kravlista for å delta i Champions League i volleyball.

LEIAR: Jan Ove Hafstad håpar på fulle tribunar til søndagens eliteseriekampar i volleyball. Alle billettinntektene vil klubben gi Rosa sløyfe-aksjonen.

Foto: Rune Fossum

– Det var ein idé som kom på bana etter ein kamp i Trondheim. Vi ynskte å gjere noko utover det vanlege. Då fall det oss naturleg å vere med å støtte den aksjonen, seier sportsleg leiar Jan Ove Hafstad.

33 millionar i fjor

Det gler den lokale aksjonsleiaren, Lena Teigland, i Kreftforeininga. I tillegg til å støtte brystkreftforsking, er målet med Rosa sløyfe-aksjonen er å vise solidaritet med brystråka, spreie informasjon og auke kunnskapen om brystkreft.

I fjor fekk aksjonen inn heile 33 millionar kroner.

– Og det sjølv om vi eigentleg ikkje har fokus på innsamling, men å informere. Heile aksjonen er på ein måte blitt ei folkerørsle og støtta er veldig viktig, seier ho.

Forske på seinskadar

Tema for aksjonen i år er seinskadar. Kvart år blir meir enn 3.400 kvinner og eit lite tal menn råka av brystkreft. Ni av ti overlever sjukdomen.

Av desse opplever kvar tredje seinskadar som kronisk trøyttleik, psykiske reaksjonar og tidleg overgangsalder.

– Vi ser vi treng meir forsking. Mange overlever brystkreft, men det er veldig mange som slit med alvorlege seinskadar lenge etter at dei er ferdigbehandla. Pengane vil gå til forsking på seinskadar og persontilpassa behandling, seier Teigland.

Støtter klubb og god sak

Førde Volleyball

FLYING START: Førde-damene står med fire strake trepoengarar i eliteserien. I helga kan den fjerde komme mot NTNUI.

Foto: Rune Fossum (arkivfoto) / NRK

I Førde volleyball håpar difor Hafstad på fulle tribunar med tilskodarar som støttar både spelarane og ei god sak.

– Medverkar vi til at dei får midlar til å forske vidare på kreftsjukdomen, så tykkjer eg at vi støttar ei god sak. Det er ein frykteleg sjukdom, seier Hafstad.

Denne helga håpar han at klubbkassen går glipp av så mange tusenlappar som mogleg i billettinntekter.

– Vi ynskjer å bli sett på som positive, også utover sporten vi driver med, seier han.