Hopp til innhold

Førde har selt 120 cupfinalebillettar

For tredje året på rad vil hovudstadens Domus Athletica bli farga blå denne helga. Dei aller, aller fleste håpar på eit tredje cupmeisterskap til Førde.

Fanskaren frå Sunnfjord folkehøgskule.

FARGA BLÅTT: Det er tredje året på rad at Førde volleyballklubb spelar cupfinale i Domus Athletica i Oslo. Og tredje året på rad at tribunen i idrettshallen blir farga blå.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Førde volleyballklubb har merka stor interesse for helgas cupfinaleoppgjer mot Tromsø.

Dagleg leiar i Førde Volleyballklubb, Tor Kristian Kvammen, trur ikkje seks cupfinalar sidan 2007 har skjemt vekk volleyballmiljøet i fylket.

– Ein cupfinale er så pass spesielt og framleis stort, at det trur eg ikkje. No er det fjerde året på rad vi kvalifiserer oss, men det er berre denne eine kampen i året og det er ein kongepokal vi spelar om, seier dagleg leiar i Førde VBK, Tor Kristian Kvammen.

Blir farga blå

Så langt har klubben selt 120 billettar. Erfaringa frå tidlegare år er at fleire vil finne vegen til finalearenaen Domus Athletica i Oslo. Arenaen tek oppunder 1.000 tilskodarar.

Tor Kristian Kvammen og Jan Egil Tvinde legg slagplan.

TILBAKE: Tor Kristian Kvammen og Jan Egil Tvinde spelte begge då Tromsø vart slått i 2007.

Foto: Oddleif Løset/NRK

Volleyballforbundet har tidlegare uttrykt si glede over å ha sunnfjordingane i salen under cupfinalen . For det er få norske lag som trekkjer så mange supporterar som Førde. Kvammen kjenner seg trygg på at tribunen blir tydeleg blå laurdag.

– Det blir ein god del supporterar og eg trur det skal bli bra trøkk på tribunen i år også. Vi fyller ein buss fredag med spelarar, støtteapparat og supporterar. I tillegg reiser kring 50 personar frå Sunnfjord Folkehøgskule i eigen buss, fortel dagleg leiar i Førde VBK, Tor Kristian Kvammen.

(Artikkelen held fram under biletgalleriet)

Viktig støtte

– Kva betydning har Sunnfjord Folkehøgskule si støtte?

– Den er kjempeviktig. Vi jobbar tett med dei og det er utruleg viktig at dei blir med. Eg vil tru at dei 50 personane frå folkehøgskulen vil lage meir liv og røre enn resten av hallen. Det betyr utruleg mykje å ha dei i ryggen.

Det er fjerde året på rad at Førde har spelt seg fram til finalen. Men i motsetnad til dei føregåande åra, er det ikkje erkerival Nyborg frå Bergen som står på andre sida av nettet.

Har vist stigande form

Derimot er det Tromsø, som i 2007 måtte sjå seg slått av sunnfjordingane i det som skulle bli Førde sitt første cupmeisterskap. Sidan har Førde også tatt skalpen på Nyborg i cupfinalen for tre år sidan.

Tromsø er eit relativt ungt lag, og Førde må innfinne seg med å ha favorittstempelet før laurdagens finale. Kvammen åtvarar mot å ta sigeren på forskot.

– Det er det ingen grunn til. Tromsø er eit bra lag, og har vist stigande form utover sesongen. Så dette er ikkje noko å ta lett på i det heile.

– Vi slo dei greitt tidlegare i år, men cupfinalen har ein tendens til å leve sitt eige liv. Då må ein vere 100 prosent, eller så er det ikkje lett å vite kva veg det går, legg Kvammen til.

Revansjesugne

Kvammen seier spelartroppen er skadefri og at dei no ser fram til å ta laust på cupfinalen. Sjølv om oppladinga førre helg var langt frå optimal .

Då enda det med eit overraskande og klart tap mot semifinalemotstandar Koll.

– Det har sett bra ut på trening denne veka og folk verkar revansjesugne etter førre helg. Dei vil vise at dette at det berre var ein liten glipp. No er tida inne for å vise seg frå si beste side att. Eg trur det blir bra til helga, seier han.