Hopp til innhold

I helga blir det strålande sol over heile landet

Store mengder snø og strålande sol gir svært gode forhold for å kome seg ut over heile landet denne helga. Men det kan bli kaldt!

Ski på Jølster

BRA SKIFØRE: Det kan bli bra skiføre mange stader i helga, dette er frå Jølster.

Foto: Kyrre Lien / NTB scanpix

– Det fine vêret gjer at det blir mykje kaldare i heile landet. Austavinden tek med seg kalde luftmassar frå nordvest i Russland, som vil gje minusgrader i heile landet, seier statsmeteorolog Gunnar Livik.

Som også legg til at det blir, kaldt, men ikkje ekstremt kaldt.

– Det ligg ikkje an til ekstremkulde nokon stader i landet, seier Livik.

Slik var nokre av temperaturane rundt om i landet laurdag morgon:

Førde: – 6 grader

Bergen: 0 grader

Oslo: – 9 grader

Ålesund: – 2 grader

Tromsø: – 7 grader

Sol over heile landet

Sjølv om temperaturane varierer litt rundt om, er det ein fellesnemnar: det er meldt sol over heile fjøla laurdag, og dei fleste stader også søndag. På nordlege delar av Vestlandet ser det likevel ut til at det skal skye litt til utover søndagen.

Laster Twitter-innhold