– Robotteknologi er ein stor del av framtida for bønder, seier Anders Gåsemyr.
I lausfjøsen til 23-åringen går ei ku ut av mjølkeroboten medan ei ny går inn. Dette gjer dei heilt på eiga hand når dei ønskjer å bli mjølka.
Roboten tek seg av heile prosessen åleine, medan Anders kan stelle for dei andre kyrne.
Anders har teke over garden heime på Gåsemyr på Byrkjelo og driv mjølk- og kjøtproduksjon, men denne veka skal han tilbake på skulebenken att.
Fagskulen i Sogn og Fjordane satsar no på den heilt nye linja «Mjølkeproduksjon ved bruk av robotteknologi».
– Det er ganske relevant for meg, og eg kan kombinere det med å vere bonde på same tid, fortel Gåsemyr.
No vert han ein av dei fyrste i landet til å gå ei slik faglinje.
MJØLKEROBOT: I lausfjøsen til 23-åringen går ei ku ut av mjølkeroboten medan ei ny går inn. Dette gjer dei heilt på eiga hand når dei ønskjer å bli mjølka.
Foto: Seline LarsenUnikt tilbod
Linja er eit 1-årig fagskuletilbod som går over to år på deltid. Her skal elevane lære om mjølke- og kjøtproduksjon i robotfjøs.
Ole Johnny Fjorden Solberg er fagleg leiar på den nye linja.
– Så vidt eg veit, er det berre ein stad på Austlandet og ein i Trøndelag som har eit liknande tilbod. Men vi har valt å vektleggje robotteknologi og presisjonsbiten i ein større grad, seier han.
MØ!: Det er ikkje alltid like lett å bli intervjua i fjøset.
– Det var jaggu på tide
Landbruks- og matminister Olaug Bollestad gleder seg over det nye tilbodet, og meiner det er viktig at landbruksutdanningane er «framoverlente».
– Eg ønskjer å seie lykke til den linja. Det var jaggu på tide. Teknologien er så framoverlent i norsk landbruk, og vi treng at skulane følgjer med, seier Bollestad.
Ho meiner meir teknologi og kunnskap om teknologi vil vere viktig i utviklinga til norsk landbruk og matproduksjon.
– Vi ber fylka om å heile vegen vere framme i skoa og lage linjer som passar til det moderne landbruket.
POSITIV: Landbruks- og matminister Olaug Bollestad tykkjer den nye linja er eit flott tilbod. Her er ho på sauesanking I Sirdal tidlegare i månaden.
Foto: Kaja Schill Godager / Landbruks- og matdepartementetDen nye linja er finansiert av sparebankstiftinga, Fylkesmannen og fylkeskommunen.
Sove dårleg dei siste nettene
Ole Johnny Fjorden Solberg gler seg så mykje at det har gått utover nattesøvnen,
– Eg har sove så dårleg dei siste nettene på grunn av dette. Eg gler meg.
Han fortel at landbruket går «same veg som alt anna», fortel han.
– Alt skal effektiviserast og gjerast enklare. Mjølkerobotar vil vere eit fornuftig steg på vegen.
FAGLEG LEIAR: Ole Johnny Fjorden Solberg gler seg til å ta imot elevane til den nye linja.
Foto: Seline Larsen / NRK