I fengsel for ruskøyring

Ein mann i 30-åra er dømd til 30 dagar i fengsel for mellom anna bruk og oppbevaring av fleire typar narkotika. Han er også dømd for to gonger å ha køyrd medan han var rusa på narkotiske stoff. Ruspåverknaden svarar til over 1,2 i promille under begge køyreturane. Mannen tilstod då han møtte i Sogn og Fjordane tingrett, som i tillegg til fengselsstraffa også dømde mannen til å betale 15.000 kroner i bot.