Hopp til innhold

I dette rommet er det tatt 47 overdosar i år – ingen døydde

LAKSEVÅG (NRK): Eit tydeleg teikn på at sprøyterom reddar liv, meiner byrådet i Bergen.

Sprøyterommet ved Strax-huset på Laksevåg i Bergen.

ALLE OVERLEVDE: Ingen av dei 47 overdosane har ført til dødsfall her på det nye sprøyterommet på Strax-huset i Bergen.

Foto: ANDERS TESDAL GALTUNG / NRK

I februar kunne NRK melda om ein treig start for det ferske sprøyterommet ved Strax-huset på Laksevåg i Bergen.

Etter eitt år med drift er historia ei anna.

Dei ti siste vekene er det injisert 995 brukardosar med heroin på sprøyterommet. Det tilsvarande talet for dei ti første vekene i 2017 var 208 brukardosar. Bruken er altså fem gongar så høg som i starten.

– Det har tatt tid å gjera brukarane trygge. Det er intimt å setje injeksjonar, så dei er modige når dei kjem til oss, seier Grethe Nilsen, avdelingsleiar ved sprøyterommet i Bergen.

23 overdosar på berre ti veker

Med fleire brukarar, har òg talet på overdosar auka. I løpet av det første året er det tatt 47 overdosar på sprøyterommet. 23 av overdosane har skjedd dei siste ti vekene.

Det er eit tydeleg teikn på at sprøyteromma har redda liv, meiner sosialbyråd, Erlend Horn (V).

– Hadde desse overdosane skjedd ein annan stad, hadde faren vore mykje høgare, seier han.

Sjølv om helsepersonell følgjer tett med på injeksjonane, er det vanskeleg å gardere seg mot overdosar.

– Nokre kan ha brukt andre stoff før dei kjem inn til oss. Men vi prøver å oppfordre alle som allereie er påverka til å ta mindre dosar, fortel Nilsen.

Sprøyterom Bergen

ANDRE I LANDET: Sprøyterommet i Bergen kom på plass etter mange år med debatt, og er det andre i landet.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Plass til mange fleire

Sjølv om det har vore ei formidabel auke i bruken av sprøyterommet, er det framleis kapasitet til langt fleire brukarar.

Den teoretiske kapasiteten er 100 brukardosar i døgnet. Det svarar til talet på injeksjonar som vert tatt i løpet av dei ti siste vekene samla.

Forklaringa på den labre starten for Arbeidarpartiet og Venstre sitt prestisjeprosjekt var at brukarar av andre stoff enn heroin, måtte snu i døra.

– Stortinget må sjå kor irrasjonelt og ulogisk det er at me opnar for heroin, men ikkje andre stoff, sa sosialbyråden til NRK tidlegare i år.

Mange må framleis snu i døra

Statistikken viser at ein del framleis vert avviste fordi dei vil nytta andre rusmiddel, sjølv om tilbodet har eksistert i eit heilt år.

– Det er eit enormt paradoks. Dei ynskjer å bruke andre stoff, og det ville dei uansett ha gjort ein annan stad. Då vert dei møtte med beskjeden om at dei må gå ut å gjere det, og får ikkje vere inne der det er trygt, seier Horn.

Han meiner det er på tide med ei lovendring. Det er Nilsen ved Strax-huset samd i.

– Det er trist når dei må gå utanfor og bruke vatn frå sølepyttane for å injisere. Det er ikkje bra når dei kan kome inn i varmen og vi har tid og høve til å ta vare på dei, seier ho.