I denne bygda må innbyggarane til fjells for å ringe

I helga måtte folk på Kråkenes opp i høgda for å finne mobildekning. Og i september mister dei fasttelefonen.

Kråkenes

KRÅKENES: Dekninga er ofte ustabil på Kråkenes. Her tek mange turen for å besøke turisthytta på Kråkenes fyr.

Foto: Privat

Heilt yst i vest, med utsikt mot storhavet og Stad, finn vi den vesle bygda Kråkenes i Kinn kommune.

Men på ein av Noregs mest verharde stader, kan dei ikkje setje si lit til mobildekninga.

I huset til Solbjørg Teige må ho leggje mobilen på ein heilt spesiell stad i glaskarmen for å få eit lite snev av dekning.

Og i det siste har ikkje ein gong det hjelpt.

– Vi er så trøytte og leie, seier Teige.

I eit brev til Kinn kommune skriv ho om frustrasjonen, og om fastbuande som i periodar må til fjells for å finne mobildekning.

Utan summetone

Enn so lengje har dei klamra seg til fasttelefonen, men frå 15. september må Teige og resten av bygdefolket klare seg utan.

For Telenor har starta å fase ut koparnettet, noko som har vekt uro i fleire bygder.

Korleis skal det gå om dei må ta til takke med eit mobilnett som knapt eksisterer?

Det var Måløy24 som først melde saka.

I fjor vinter var innbyggjarane utan fasttelefon, nokre så lenge som i fire månadar. På same tid var mobilnettet ofte nede. Til og med naudnettet låg nede for teljing nokre dagar.

Solbjørg Teige

LEI: Solbjørg Teige er ein av dei fastbuande på Kråkenes. Ho er lei av telefonproblem.

Foto: Privat

Då måtte Teige køyre i åtte kilometer for å få dekning på mobilen. På same parkeringsplass på fjellet hadde også andre sambygdingar parkert, for å gi livsteikn til familie og vener.

No bur dei seg på ein haust utan summetone, når sterke vindkast eller tordenbyer slår ut mobilnettet.

– Vi kan ikkje leve sånn. Når du betalar for ei teneste, så reknar du med å få det du betalar for, seier Teige.

Kostar millionar

Mobilnettet på Kråkenes har vore nede sidan fredag, men Telenor lovar at problemet vert løyst på tysdag denne veka.

Ei utbetring av mobilnettet ved Kråkenes vil koste millionar. Telenor ser ikkje vekk frå at dei kan bli med på eit spleiselag.

– Det kan vere aktuelt med Kinn kommune. Utbetring av mobilnettet i Solund kommune er eitt eksempel på slike spleiselag, seier dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen.

Han meiner ei ny antenne kan bøte på noko av problemet.

– Viss dei koplar til ei ekstern antenne, så bør dette vere eit tilbod som er like godt som dagens koparnett. Dette signalet vil vere godt nok dei fleste stadar, seier han.

– Ei kjent problemstilling

Kinn-ordførar Ola Teigen seier dei er kjende med dårleg mobildekning.

– Det er ei kjent problemstilling fleire stadar i kommunen, og vi er i dialog med Telenor. Du skal ikkje sjå vekk frå at eit spleiselag kan bli aktuelt, seier han.