Hopp til innhold

Fryktar ulukkessommar: Her mista 18-åringen førarkortet to gonger på få minutt

FØRDE (NRK): Dobbelt så fort som fartsgrensa, og med bilen full av unge passasjerar, passerte den ferske sjåføren politikontrollen to gonger på kort tid. No melder politiet om kraftig vekst i grov råkøyring i Noreg.

60-sone på Øyrane i Førde sentrum

FORT I FØRDE: Politiet målte først 114 km/t. Før dei rakk å hente inn bilen, kom den tilbake. Då var farta nær 140 km/t.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Onsdag kveld blei 18-åringen først målt til i 114 km/t i ei 60-sone i Førde.

Bilen forsvann for patruljen, men kom fort attende. Då hadde den store SUVen ein fart på 136 km/t i timen.

– Ikkje ein gong politiet har slik hastigheit under utrykking, seier politioverbetjent og trafikkansvarleg Trond Hatlenes i Sogn og Fjordane.

Kraftig auke

I bilen hadde den heilt ferske sjåføren med seg fire passasjerar.

«Fører har hatt sertifikat i to uker, og det blir med de to ukene på en god stund», skreiv Vest politidistrikt lakonisk på Twitter etter fartskontrollen.

18-åringen mista førarkortet på staden, og det går fleire år før han får det tilbake. I mellomtida ventar rettssak, bot og kanskje fengsel.

Men den unge mannen frå Sunnfjord er slett ikkje åleine om å bli tatt for å køyre svært fort.

Samanlikna med i fjor er det ein auke i grove fartsoverskridingar med 20 prosent.

– Det er mykje, og det er veldig alvorleg, seier Steven Hasseldal, sjef for Utrykkingspolitiet (UP).

Så langt i år har politiet teke rundt 48 000 personar for brot på fartsgrensa i Noreg. Verstingane er menn i alderen 35 til 55 år.

Jon Steven Hasseldal, sjef for Utrykkingspolitiet

MÅ SKJERPE SEG: – Folk må skjerpe seg. Ein må vere aktsam og køyre etter forholda, avpasse fart og rett og slett følgje med og vere oppmerksam, seier Steven Hasseldal i UP.

Foto: Politiet

Fint vêr og lite trafikk

Hasseldal trur det er fleire faktorar som fører til auke.

– Koronakrisa gjorde at det blei mindre trafikk på vegane ein periode. Då blei nok fleire freista til å gi litt ekstra på. Det har også vore mykje fint vær, særleg i Sør Noreg.

  • Politidistrikta Sør-Aust og Vest toppar statistikken over fartsoverskridingar hittil i år.
  • Førstnemnde har registrert 6792 fartsoverskridingar, medan Vest har 6112.

– Fartsoverskridingar er den største faktoren for at ulukker skjer. Heile 41 prosent av dødsulukkene i 2018 skuldast fart, seier Hasseldal.

Fryktar ulukkessommar

Han er uroa for sommaren, ikkje minst fordi vi i år blir oppmoda til å ta ferien innanlands på grunn av korona.

– Når vi no allereie har ein 20 prosent auke i dei mest alvorlege tilfella så er vi litt uroa for at vi skal få ei ulukkessommar, seier han og held fram:

– Berre i løpet av pinsehelga hadde vi fem dødsfall. Vi håper ikkje at dette er ein tendens som vil halde fram.

I Sogn og Fjordane og i resten av landet vil dei halde fram kontrollane med uforminska styrke framover.

Trond Hatlenes i politiet i Sunnfjord ber bilistane om å tenke seg om.

– Ein utset ikkje berre seg sjølv for fare, men veldig mange andre òg.

Trond Hatlenes i politiet.

UROA: Trond Hatlenes i politiet.

Foto: Astrid Iren Solheim Korsvoll / Firda