Hopp til innhold

I dag slo laget hans kraftig tilbake

(FØRDE – SOTRA: 29-22): Førde fekk seg eit skikkeleg slag i trynet i første seriekamp. I dag var laget tilbake der trenar Kristinn Gudmundsson vil ha dei.

Kristinn Gudmundsson

GODT NØGD: Førde-trenar Kristinn Gudmundsson er godt nøgd med sigeren over Sotra.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Det var ein fortent siger. Vi leia med 3–4 mål heile kampen, seier ein letta Førde-trenar søndag kveld.

– Det såg kanskje komfortabelt ut, men vi måtte krige for leiinga, understrekar han.

– Høg moral

Førde sine handballdamer sikra seg søndag ettermiddag to poeng etter siger mot Sotra på heimebane i Førdehuset. Etter eit sviande eittmålstap mot Stryn i første seriekamp var det ekstra godt med siger vedgår trenaren.

– Ingen var fornøgde med seg sjølve etter tapet mot Stryn. Det eg har sett av jentene dei to vekene etter den kampen har vist at dette er eit lag med høg moral, det er flotte jenter som har veldig lyst å få til noko, seier Gudmundsson.

Forventningane til Førde-laget er nemleg store, og Gudmundsson sa før seriestart at han håpar leie laget til opprykk.

– Vi må leve med forventningane

I første runde gjekk dei på ein smell då Stryn vann med eitt mål. Gudmundsson seier det likevel aldri var nødvendig med noko krisemøte etterpå.

– Spelarane har jobba svært godt sidan den kampen. Og det er det dette handlar om, å jobbe på og halde fram med å vise kva ein er god for, seier han.

Vi veit at forventningane til oss er store, og det må vi leve med.