Hopp til innhold

Flyvraket blir frakta ned med helikopter i dag

Når vraket i dag kjem ned frå fjellet håpar Jan Fredrik Fleischer Tønjum, leiar i Voss flyklubb, å finna årsaka til styrten. – Me må lære noko av denne ulukka.

flystyrt

SKAL NED I DAG: Mikroflyet som styrta i Vossafjellet denne veka vert henta ned frå fjellet i dag. Kva som var årsaka til styrten er enno uvisst.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Ein må ikkje gi opp håpet om å finne årsaka til styrten. Det er viktig at me kan lære noko av denne ulukka.

Jan Fredrik Fleischer Tønjum

Onsdag gjorde Havarikomitéen til Noregs Luftsportforbund sine undersøkingar på mikroflyet som styrta i Vossafjella denne veka. Dei kom fram til at dei mest truleg aldri vil finna ein endeleg årsak til flystyrten.

I dag blir flyvraket frakta ned frå fjellet.

Forsikringsselskapet har ansvaret

Hellene fortel at dei no planlegg korleis dei skal frakte flyvraket ned frå fjellet.

– Planen er å hente vraket i dag. Me brukar helikopter for å få flyet ned, seier Hellene.

– Me er i dialog med forsikringsselskapet om når og korleis me skal gjere det. Det er dei som har ansvaret.

Etter at vraket er frakta ned frå fjellet skal Havarikomitéen utarbeide ein rapport. Denne vil truleg vere klar om nokre veker.

Klamrar seg til håpet om å finna årsaka

To menn på 33 og 48 år vart i går bekrefta omkomne. Lensmann Ivar Hellene kan enno ikkje stadfeste at det er dei to som var i flyet, men seier at det ikkje er noko som tyder på noko anna.

Dei to vert frakta til Gades institutt i Bergen for obduksjon og identifisering i dag.

– Då får me eit endeleg svar, seier Hellene.

Han meiner det er for tidleg å gi opp håpet om å finne årsaka til kvifor mikroflyet gjekk i bakken. Han håpar det framleis skal vera mogeleg å ta lærdom av ulukka.

– Me er veldig opptekne av å finne ut kva som skjedde før flyet styrta. Det finst jo instrument om bord i flyet man kan hente mykje informasjon frå.

Ifølgje Tønjum er det for tidleg å seie om det var ein menneskeleg svikt, eller om det var teknisk feil med flyet som førte til styrten.

– Uansett er det viktig å halde fram arbeidet med å finne ut kvifor flyet styrta. Det er viktig at me kan lære noko av denne ulukka, seier Tønjum.