Hopp til innhold

I dag skal Hordaland bestemme seg

Fylkespolitikarane i Hordaland kjem i dag til å gjere det endelege vedtaket om at dei vil slå fylket saman med Sogn og Fjordane. Heilt fram til fylkestinget i Hordaland startar klokka 13 vil fylkesvaraordførar Pål Kårbø prøve å få eit breiast mogleg fleirtal. Det sjølv om Høgre og Frp er negative når Rogaland ikkje blir med på samanslåinga. I går sa fylkestinget i Sogn og Fjordane ja til å gå vidare med ei samanslåing.