I dag skal Ingrid Heggø (AP) spørjast ut - sjå utspørjinga her eller høyr på radio

I partiutspørjinga framfor stortingsvalet er i dag turen komen til Arbeidarpartiet og førstekandidat Ingrid Heggø.

Utspørjing av stortingskandidat for Arbeidarpartiet, Ingrid Heggø.

Partiutspørjing i Sogn og Fjordane

NRK Sogn og Fjordane skal i løpet av valkampen spørje ut alle fyrstekandidatane til partia som stiller liste til stortingsvalet.

Du kan kome med innspel på kva Ingrid Heggø bør svare på. Har du spørsmål du meiner Erlend Blaalid Oldeide bør stille til Arbeidarpartiet, kan du sende det i ein e-post til sf@nrk.no.

Du kan også delta på Twitter hashtag #nrksf eller på vår Facebookgruppe.

Sjå sendinga på nett-TV ved å klikke på pila i biletet øvst på sida eller høyr den på NRK P1. Sendinga startar klokka 15:30.

Dette er Ingrid Heggø

Reporter Eldgrim Fossheim introduserer alle førstekandidatane, og han har laga dette samandraget:

Ingrid Heggø er ein av dei få kandidatane her i fylket ved dette valet som kan vere rimeleg sikker på å få fire nye år på Stortinget, trass i at Arbeidarpartiet er det største regjeringspartiet og dermed har hovudansvaret for mykje av det som mange meiner er skeivt og skakt i samfunnet: pengemangel i kommunar og fylke, pengemangel i helsesektoren, misnøye med landbruksoppgjer, store manglar på vegsektoren osv.

Uro om fjordkryssing

Lokalt har partiet skapt uro også i eigen rekker ved å stå beinhardt på at E39 skal gå med fjordkryssing til Stryn – sjølv om regjeringskollega Senterpartiet vil gje fylket 400 mill til Olden-Innvik dersom fjordkryssinga kjem via Lote-Anda.
Heggø har ikkje gjort saka enklare for partiet ved no å meine at begge bruene bør komme, men Lote-Anda først.

For fire år sidan var det ein viss diskusjon om Ingrid Heggø sin topp-plass då Reidar Sandal litt uventa trekte seg. Men Heggø rykte opp frå 2. plassen og Tor Bremer fekk plassen bak. Bremer har gjennom desse fire åra ikkje makta å gjere Heggø rangen stridig som partiet sin førstekandidat.

52 år gamle Ingrid Heggø er fødd i Balestrand, har yrkesbakgrunn frå felgfabrikken Fundo og frå bank. Ho kom inn i lokalpolitikken i Høyanger i 1991, vart varaordførar i 1995 og hadde det vervet fram til ho vart fylkessekretær for partiet i 2001. Sidan 2005 har ho site på Stortinget, først i justiskomiteen og sist periode i næringskomiteen. Ho var også ein periode medlem av sentralstyret til Ap.

Flittig politisk maur

Heggø har gjennom sine 8 år på Stortinget i ei tid då arbeidarpartiet har site med regjeringsmakt, skaffa seg viktige makt-nettverk – og ifølgje henne sjølv har ho nytta dei flittig til beste for fylket. Politikk handlar nemleg om å påverke dei rette personane på rett måte til rett tid.

Kor dyktig Heggø har vore til dette spelet er vanskeleg å vurdere frå utsida. Ho har vist seg som ein flittig politisk maur, men slit med å marknadsføre sin innsats på ein måte som gjev henne politiske autoritet og skapar entusiasme utover meinigheita.

Men meiningsmålingane seier at partiet held koken her i fylket, okke som. Partiet synest å ha mange lojale veljarar i fylke.

  • Sjå sendinga på nett-TV ved å klikke på pila i biletet øvst på sida eller høyr den på NRK P1. Sendinga startar klokka 15:30.

Desse har tidlegare blitt spurde ut: