Hopp til innhold

I dag møter Florø SK Åsane heime

FLORØ (NRK): Blir det grunn til feiring i Florø i dag? Florø-spelarane har ikkje vunne sidan dei spelte mot Mjøndalen i august. I dag møter dei Åsane heime.

Florø

MÅL: Får florøspelarane nettkjenning når dei møter Aasane heime i dag.

Foto: Truls Kleiven

Laster innhold, vennligst vent..

71 min: Og der sitt den for heimelaget. Ein frekk flikk frå Luc Jeggo går ut på kanten til Peter Aase. Innlegget er presist og på bakre stolpe står Halvor Utkilen Solheim-Olsen som bankar inn utlikninga.

62 min: Der sitt den og mot spelets gang er det bortelaget som tar føringa. Erik Huseklepp vert spelt fri på kanten og er mykje raskare enn Florø-forsvaret. Innlegget langs bakken treff Simen Lassen i midten, som styrer inn 1–0 til bortelaget.

50 min: Ny stor sjanse for Florø, men nok ein gong vert den redda på strek. Det nærmar seg no for heimelaget.

48 min: Florø startar best etter kvilen også med to kjappe innlegg frå begge sider, men på begge innlegga er det ingen Florø-spelarar som får hovudet på ballen.

Pause: Florø har vore det beste laget og skapt det som er av sjansar, men det står 0–0 til pause.

36 min: Det skjer lite i Florø no. Heimelaget har ballen mest, Åsane ligg lågt og satsar på kontringar.

17 min: Eirik Høydal har sin debut frå start for Florø i dag, og etter 17 minutt fekk han ein sjanse. Men skotet frå 16 meter gjekk via ein forsvarar og Åsane si keeper hadde få problem.

15 min: Florø presse på. Fleire farlege innlegg og på det eine var Endre Kupen ein skostørrelse eller to i frå å styre inn leiinga.

8 min: Florø får corner og ballen landa hjå Luc Jeggo som fekk bra treff på eit skot, men det vart blokkert. Kampens første sjanse.

6 min: Kampen har opna jamt, utan sjansar til nokon av laga. Det regner sidelengs i Florø og det viser tydeleg att i kor mange som har tatt turen på tribunen. Godt over halve tribunen er tom.

Følg kampen direkte her frå klokka 15.00

På grunn av landskap har det vore har det ikkje vore spelt kampar i 1. divisjon dei siste to vekene. Florø har ikkje vunne på seks kampar, medan Åsane tok sin første siger på ni kampar mot Elverum førre helg.

Florø stiller med dette laget frå start:

Florø (4–3–3): Nicklas Frenderup – Christer Husa, Simen Reksten Solheim, Vegard Gjermundstad, Christopher Lindquist–Luc Jeggo, Stefan Aase, Peter Aase–Halvor Utkilen Solheim-Olsen, Endre Kupen, Eirik Høydal.

Laster innhold, vennligst vent..