I dag melder han politiet til Spesialeininga

Johan Rognaldsen (71) vart slengt i bakken og skada av politiet i Aurland. I dag reiser han til Spesialeininga for politisaker for å anmelde politiet.

Johan (71) pågripen etter dobesøk

SKADA: Johan Rognaldsen (71) måtte gå med handa i fatle etter at politiet la han i bakken etter eit dobesøk i Vassbygdi.

Foto: PRivat

Det er Spesialeininga sjølv som har bedd Johan Rognaldsen kome til Bergen med bakgrunn i ein artikkel i NRK og etter at Rognaldsen har teke kontakt med dei.

Rognaldsen meiner politiet gjekk langt over streken då dei pågreip han i Vassbygdi i Aurland 1. september.

Politibetjentane trudde Rognaldsen ville stikke av frå kontroll. Rognaldsen hevdar han berre skulle på do.

– Eg syns det er veldig ålreit at Spesialeininga vil høyre på meg slik at det kan kome fram kva som var hensikta med å legge meg i jarn. Hendinga er ei gåte for meg framleis, seier Johan Rognaldsen.

Fekk besøk av politiet

1. september fekk Rognaldsen besøk av politiet på grunn av ein konteinar. Etter besøket møtte han politiet att ved ei lokal verksemd der Rognaldsen skal ha avtalt med nokre tilsette om hjelp til å fjerne konteinaren, noko politiet ikkje trudde på.

Under samtalen følte Rognaldsen seg tissetrengt. Han slit med eit prostataproblem og ynskte å kome seg på do raskast mogleg for å unngå å gjere på seg i bilen. Han hevdar at han fortalde politibetjentane om dette og at han køyrde mot eit sørvissenter som ligg to-tre hundre meter unna.

Men ferdig på toalettet og på veg ut av sørvisbygget kasta politiet seg over han. Ifylgje Rognaldsen la den eine politibetjenten hendene hans på ryggen og slengde han i bakken med ansiktet mot asfalten.

71-åringen vart skada i pågripinga og måtte ha handa i fatle ei stund.

Johan (71) slengt i bakken av politiet

SKJEDDE HER: Pensjonisten viser kvar politiet la han i bakken etter å ha vore på do.

Foto: Privat

Framleis vondt

– Handa mi er ikkje blitt betre. Eg går med støttebandasje. Og eg har framleis vondt i ryggen etter at politibetjenten sette kneet i ryggen min medan han sette handjern på meg, seier Johan.

– Kva vil du oppnå med ei melding til Spesialeininga?

– Eg håpar eg kan få ein slags avklaring om politiet gjorde rett. Og ei slags unnskyldning om dei gjorde feil. Og så ynskjer eg erstatning for utlegga til doktor, reiser og tapt arbeidsforteneste, seier Rognaldsen.

Hjå Spesialeininga blir det stadfesta at Johan Rognaldsen er på veg.

– Når vi har teke imot anmeldinga så vil vi hente politidokumenta i saka. Deretter tek vi stilling til om vi skal starte etterforsking. Gjer vi det, vil vi avhøyre politibetjentane som var involvert, seier Ellen Eikeseth Mjøs i Spesialeininga for politisaker.

Ellen Eikeseth Mjøs

TEK OVER: I dag vert politiet si behandling av Johan Rognaldsen lagt i hendene på advokat Ellen Eikeseth Mjøs, som er leiar av etterforskingsavdeling Vest i Spesialeininga for politisaker.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Hjå politiet i Sogn er dei avventande. Regionlensmann Arne Johannesen skriv i ein e-post til NRK at han tykkjer det er bra at saka vert vurdert av ein uavhengig instans.