Hopp til innhold

Lødemel må bestemme seg i dag - ja eller nei til Oslo-OL?

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) har enno ikkje bestemt seg for kva han skal meine om Oslo-OL 2022. Men i dag må han ta ei avgjerd.

Bjørn Lødemel

HAR IKKJE BESTEMT SEG. Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H).

Foto: Steinar Lote / NRK

– Det er ei vanskeleg sak dette, det eg sa sist var at eg ville vere positiv om ein fekk ned kostnaden, og ein fekk eit skikkeleg og nøkternt OL i Norge, seier Lødemel.

Oslo er blant tre søkarbyar til OL i 2022. Dei andre er Almaty i Kasakhstan og Beijing i Kina. Regjeringa handsamar no ein søknad om statsgaranti på inntil 35 milliardar kroner for eit vinter-OL i Oslo.

– Eg vil ha alle fakta på bordet før eg bestemmer meg. På den eine sida så opplevde vi ein fantastisk folkefest på Lillehammer i 1994. Den andre sida er om ein skal prioritere så mykje pengar på eitt einskild idrettsarrangement

Trugar med regjeringskrise

Landsmøtet til Framstegspartiets har allereie sagt klart nei til å stille statsgaranti. Det betyr at Høgre må få støtte frå Arbeidarpartiet dersom partiet går inn for OL.

Frank Willy Djuvik

SEIER NEI: Fylkesleiar i Framstegspartiet, Frank Willy Djuvik.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

I Bergens Tidende åtvarar fylkesleiar i Framstegspartiet, Frank Willy Djuvik, Høgre mot å presse gjennom ein OL-søknad.

– Seier Stortingsgruppa til Høgre ja, kjem vi til å fremje ei sak til landsstyret om at Frp må gjere ei ny vurdering av regjeringssamarbeidet med Høgre.

– Det får stå for Frank Willy Djuvik si rekning, seier Lødemel.

– Djuvik har gått veldig høgt på bana når det gjeld OL. No skal dei to partia jobbe vidare med saka.

Det er venta at regjeringa skal kome med si innstilling i slutten av månaden. Onsdag samlast stortingsgruppa til Høgre for å gi råd om saka til sine representantar i regjeringa,

Usemje innanfor Høgre

Men innanfor Høgre er meiningane delte. Sist ute på neisida er Høgre-ordføraren i Tromsø, Jens Johan Hjort, som ber Høgre seie nei til OL i Oslo.

– Det gjer inntrykk, med tanke på at ein sa nei til Tromsø sist. Ein del av biletet er jo at ein god del av dei som sa nei sist, no seier ja. Eg var sjølv ein av dei som var kritisk til Tromsø, noko eg angra på.

Lødemel er tysdag svært spent på kva som blir lagt fram onsdag i forhold til krav dersom ein skal gå vidare med ein garantisøknad, og korleis det skal handsamast i regjering.

– Her er ein god del lause trådar, men det vi skal ta stilling til onsdag er å gi eit råd til våre folk i regjeringa, om dei skal jobbe vidare med garantisøknaden. Etterpå skal jo regjeringa og til sjuande og sist Stortinget handsame saka.

Dersom Stortinget stiller statsgaranti, kan kandidatbyane presentere sin endelege søknad til Den internasjonale olympiske komite i januar neste år. Først 31. juli kjem IOK til å kunngjere kvar OL i 2022 blir arrangert.