Hopp til innhold

I dag bør du ha vinterdekk

Vegtrafikksentralen – og bilførarar – åtvarar mot å legge ut på vegane med sommardekk måndag morgon.

Lundebakken, riksveg 5, 13.04.15

RIKSVEG 5: Slik såg det ut i Lundebakken, inst i Kjøsnesfjorden, på Riksveg 5 i Jølster måndag morgon.

Foto: NRK-tipsar

– Det er absolutt ikkje føre for sommardekk, i alle fall på den ruta eg har køyrt.

Det seier privatbilist Helge Nakken til NRK etter å ha køyrt gjennom Sunnfjord mot Indre Sogn måndag morgon.

Rv 15, Allmenningen 13.04.15

RIKSVEG 15: Almenningen aust for Måløy. Tett snø og glatt vegbane. 0 grader. Ingenting for sommardekk, skriv ein innsendar til NRK.

Foto: NRK-tipsar

– Eg kom frå Fjaler og køyrer austover. Over Langeland var det ein del issørpe. Rundt Førde var det litt betre. Frå Vassenden har det absolutt ikkje vore sommardekk-føre, åtvarar Nakken.

Når han snakkar med NRK er Nakken på veg ned Sogndalsdalen på riksveg 5.

– Her er det tre-fire centimeter med reint vinterføre, rett og slett, fortel Nakken.

VTS: – Lat bilen stå

E39, Langeland i Gaular 13. april 2015

E39: Langeland i Gaular måndag morgon.

Foto: NRK-tipsar

Ein bør for det første sjå ut glaset korleis det ser ut der du bur. Eg har inntrykk av at oppe i Sunnfjord og Nordfjord er det kvitt ein del plassar. Her nede i Sogn er det meir bert, seier vaktoperatør Arne Stadheim ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Kollegaen Eli Solberg ved Vegtrafikksentralen i Bergen går endå lenger:

– Ingen må køyre ut på sommardekk i dag. Det er altfor mange som ringer og spør om dei kan gjere det, og svaret er NEI!, fastslår Solberg.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Fv 93 Helldalsheia, 13.04.15

FYLKESVEG 93: Framleis brøyting over Helldalsheia, skriv innsendar Svein om dette motivet frå vegen mellom Vadheim og Guddal.

Foto: NRK-tipsar

Stadheim i Lærdal ber bilistane om å tilpasse farten etter forholda.

– Har ein lagt om til sommardekk, må ein vere spesielt forsiktig. Det er det vel ein del som har gjort no. Det blir noko heilt anna å køyre med det, enn vinterdekk.

Dårleg sikt i fjellet

Alle fjellovergangar, med unntak av riksveg 13 Vikafjellet, er opne for fri ferdsle.

Berle i Bremanger

KVITT TEPPE: Utsikt frå stoveglaset i Berle i Bremanger.

Foto: NRK-tipsar

– Men når det gjeld fjellovergangane, så er det snø- og isdekke og somme stader redusert sikt. Det er kraftig vind, seier Stadheim.

Han reknar med at det meste av snøen som ligg i låglandet vil forsvinne når trafikken aukar og temperaturen aukar utover dagen.

Bytta tilbake til vinterdekk

Blant mange som i god tru hadde lagt om til sommardekk, er NRK-reporter Silje Guddal.

Guddal, som er busett i Stryn, fortel at ho let seg friste av flott vêr og vårleg temperatur fredag. Men med jobboppdrag i Førde måndag tok ho ingen sjansar.

E39 langs Jølstravatnet 13.04.15

VANSKELEG FØRE I NATT: Dette biletet er tatt på E39 langs Jølstravatnet klokka 02.40 natt til måndag.

Foto: NRK-tipsar

– Min bedre halvdel, som fredag la om til sommardekk, måtte i dag tidleg legge om att til vinterdekk ler Guddal på veg sørover - med piggdekk.

Helge Nakken som har køyrt fylket på tvers frå Fjaler til Sogndal har så langt ikkje sett store problem langs vegane.

– Det ser eigentleg greitt ut. Eg møtte ein bergingsbil med ein uheldig kar på lasteplanet. Elles har det ikkje vore utforkøyringar å sjå.

Rv 15 Strynefjellet 13.04.15

SNØKAVE: Dette biletet vart tatt på på vestsida av Strynefjellet klokka 00.30 natt til måndag.

Foto: NRK-tipsar